Frontmotorbilane dominerte i landsfinalen

Her er nokre bilder av det som skjedde på landsfinalen på Krabyskogen 2005. Bilder av dei meir spesielle bilane følgjer lenger ned i artikkelen.


Per-Gaute ligg bak 2 bobler i første omgang. Han kom forbi begge desse i samband med alternativsporet, men det var ei boble til framfor desse som vann heatet og som og vart nr. 10 totalt.


Arild Riise slit med ei litt orginal hjulstilling i 2. omgong etter smellen i 1. omgang.


Per-Gaute leiar heatet sitt i 3. omgang, men klarar ikkje å opparbeida avstand nok til Volvo'en bak som har vore i alternativsporet. Dermed misser han akkurat leiinga og heatseieren i det han kjem ut frå alternativsporet. Volvoen vart nr. 13 totalt.


Dag Solbakken låg godt til etter 2 omgangar med 17 poeng, men ein fjerdeplass i siste omgang øydela håpet om finaleplass. Han vart likevel beste vestlending med 26. plass.


Nervøse A- (rekka nærmast) og B-finalistar ventar på å kjøra fram til start. Fremst her ser med einaste bobla i A-finalen, kjørt av Magne Strand, NMK Valdres.


2 av bilane med 30 poeng før A-finalen, ein Golf VR6 kjørt av Einar Stadshaug frå NAF Hamar og omegn, og BMW M535i kjørt av Jan Håkon Hofton frå NMK Modum & Sigdal.


Tommy Eng i sin taxi-Volvo kjørte fort med og publikumsvennleg. Dermed vart det god underhaldning både i C- B- og A-finalen, ettersom han vann både C- og B-finalen.


Ein Golf VR6 vart denne landsfinalen sin suverene vinnar. Einaste bobla i finalen tok starten, men snurra i 2. sving. Deretter hadde Einar Stadshaug fra NAF Hamar og omegn full kontroll i sin Golf VR6. Han vann suverent med over 100 meter.


Tommy Eng har 3. plassen i lomma, men må seinare gi den frå seg når han måtte innom alternativsporet.


Dette er, saman med sine førerar, Norges raskaste bilcross-bilar. Nr. 57, Golf VR6 kjørt av Einar Stadshaug frå NAF Hamar og omegn vann framfor nr. 19, Sabb 99 kjørt av Stein Rom Østerhaug, også frå NAF Hamar og omegn og nr. 73, Jan Håkon Hofton frå NMK Modum & Sigdal.
Banen på Krabyskogen har same form som i Vikedal. Heile startlangsida (ut til venstre på bildet over) er asfaltert, men som vi ser har dei fortsatt ein lang grussving. Du kan sjå fleire bilder frå banen her ...


Her ser me budkøen litt rett før køen vart stengt. Totalt vart det levert inn 1492 bud.i dei 14 lukene, 1100 av dei før A-finalen var starta. Det skulle gi 444.600,- i inntekter til NMK Ringsaker. Det var flest bud på Volvo 245'en til Tommy Eng og bobla til Magne Strand med 105 bud på kvar.


Stor interesse til budtrekninga. Enkelte bergensar var svært heldige. Brødrene Skoglund fekk 3 bilar, m.a. vinnarbilen.

Det var mange spennande bilar i landsfinalen i år. Her er bilder av dei mest spesielle:


Alfa Romeo 164. Kjørt av Anton Stadshaug, NAF Hamar og omegn. Fekk tekniske problemer og vart utan poeng.


Alfa Romeo 75. Kjørt av Tom Johnsen, KAK. Kom til start heilt strøken og vann sitt heat i første omgang. I andre omgang var det slutt etter eit hardt møte med rekkverket.


Toyoya Supra 90-mod med høgreratt og automat. Kjørt av Rune Berntsen, NAF Hamar og omegn. Vart nr. 79 til slutt.


BMW 735. Kjørt av Bjørn R. Langnes, NMK Molde.Vart nr. 116 til slutt.

I tillegg fanns det Opel Omega stv. med 3 liters sekser, Opel Ascona B med 3 liters sekser, høgreratta Vauxhall Nova (=Opel Kadett E) og Saab 96 med rekkefirer (frå 99/900).