Vikedal
Motorbane I samband med
Norgescup-runden i Vikedal 11. juni, er det kanskje ein del førerar
og andre interesserte som lurer på korleis Vikedal Motorbane
ser ut. For å støtta dette informasjonsbehovet har vi tatt
litt bilder som vi håpar kan vera med å forklara litt om
korleis det er på Vikedal Motorbane.

Når du kjem fram til banen kjem du på vegen bak gravemaskinen
oppe i venstre hjørne. Bildet er tatt frå Låkafossen på
motsatt side av dalen. I høgre hjørnet står
sekretariatet/speakerbua og bak den sanitærbygget med toaletter
og dusjar. Startplata er nede til høgre for speakerbua.

Då står vi klare på startplate og det er berre å venta til
det raude lyset vert sløkt.

Vi er framme i første svingen som svingar drygt 90 grader til høgre.
Det er kurbs i innersving og sandfelle i yttersving. Klarar du
å kjøre over sandfella og vollen, kan du hamna i elva.

Så rettar vi bilen opp og gir på det vi har nedover langsida
mot "Pieces-svingen".

Innbremsinga mot "Pieces-svingen", som er ein 180
graders sving, foregår stort sett på kald asfalt (grov).

God dosering i "Pieces-svingen" sjølv om det ikkje
ser slik ut på bildet.

Utgangen av "Pieces" fram
mot målsvingen.

Inngongen til målsvingen der innbremsinga er på grus.

Målpassering er like før asfaltkanten.

Like etter målpassering startar stigninga opp mot dommarsvingen
som er ein 180 graders sving.

Det er forholdsvis bratt opp dommarsvingen.

Over bakketoppen og klar for nedoverbakken mot start. Har du
vore ufin i kjøringa vil du kanskje sjå advarselflagg og
startnummeret ditt til høgre her.

Rett sporval er viktig ned forbi start slik at bilen står rett
når det vi kjem ut på grusen igjen ut på startlangsida.
I tillegg er det ei lit dump i asfalten som gir litt ekstra
spenning.

Då er vi klar for ein ny runde. Start er rett til venstre på
dette bildet.
|