Favorittane slo til i Vikedal

Hans Kristian Strandbråten, NMK Modum & Sigdal dominerte i dei innleiande omgangane i den minste klassen i si strøne VW Boble.. I begge dei 2 første omgangane var han over 4 sekunder før neste mann, og kunne stå over 3 omgang. Nærmast han i finalen stod Rune Lutsi, etter 2 andre tider. Og Rune pressa Hans Kristian ut frå start og kom likt med han inn i første sving, men med yttersving vart det snurring på Rune og han kom sist ut av sbvingen. Derfra kunne Hans Kristian kontrollere inn mot mål, og var aldri trua av dei bak. Vegard Åslund, NMK Fluberg, i Volvo 240R låg lenge på andreplass, men sklei ut i svingen etter start og vart ståande i sandfella. Nærmast Hans Kristian i mål var Jarle Dalbø i Ford Escort og Frode Leirhol i VW Wankel, begge frå NMK Valdres. Steinar Paulsen, KAK, i Ford Escort vart nr. 4, Rune Lutsi nr. 5 og vinnaren av første runde i norgescupen, Vegard Åslund, nr. 6.
           Den andre deltakaren frå NMK Vikedal, Per Vidar Flesjå, hadde beste startspor i C-finalen etter litt dramatikk i 3. omgang der han la Escorten på sida i dommarsvingen. I C-finalen kom han først til mål, men vart utelukka etter forbikjøring i gulflagg-sone. Dette var ei avgjerd som vart ein del diskutert, men det gjorde at det vart 16. plass og ikkje plass i B-finalen for Per Vidar.


Hans Kristian Strandbråten på toppen av seierspallen med Jarle Dalbø på andreplass (t.v.) og Frode Leirhol på tredjeplass.

I den største klassen er det Ørjan Lutsi, NAF Motorsport Gjesdal, i Volvo 240 Evo som kjørde best i dei innleiande omgangane. I første omgang var han over 4 sekunder før nestemann, men i andre omgang var Steinar Johannesen, NMK Drammen, snaue 2 sekunder bak i sin Porsche 911 Evo. Ørjan stod over 3. omgang, som Steinar Johannesen vann. Dermed var det dei 2 som stod i fremste rekke i A-finalen og som skulle gjera opp  om seieren.
          I B-finalen hadde Geir Harald Skeie, NMK Vikedal, marginane på si side frå 3. spor, og kjørte inn til seier og var dermed klar for A-finalen. Alex Kilen hadde teten i B-finalen lenge sin spektakulære Porsche 928, men måtte gi seg med tekniske problemer ein runde før mål.
          I A-finalen var det Steinar Johannesen som tok starten framfor Ørjan Lutsi. Asbjørn Tolfsen, KAK, og Terje Bredesen, KNA Solør, følgde deretter. Steinar Stokke hadde ein kamp med Geir Harald Skeie litt lenger bak i første sving og vart ståande i sandfella. I teten hadde Ørjan fleire gode forsøk på å komma forbi Steinar Johannesen, men lukkast ikkje, Derimot vart det ein snurring i dommarsvingen. Dermed måtte Ørjan ta til takke med femteplass. Asbjørn Tolfsen kjørte inn til andreplass, Terje Bredesen tok tredjeplass, medan Geir Harald Skeie tok ein sterk fjerdeplass.
          NMK Vikedal sin andre deltakar i denne klassen, Terje Steinnes, måtte dessverre kasta inn handkle allerede etter tidstreninga med tekniske problemer.


Ein vel fornøgd Steinar Johannesen på toppen av pallen flankert av andremann og Start-supporter, Asbjørn Tolfsen
, til venstre.og Terje Bredesen.


Geir Harald Skeie var strålande fornøyd etter fjerdeplassen i dag.