Spennande innspurt i NMK Vikedal Cup

Bilcrossen startar opp igjen med eit reint bilcrossløp på Vikedal Motorbane til helga. Over 50 førarar er påmelde til løpet, og i tillegg til kamp om sigeren i dei to bilcrossklassane skal det også kjempast om poeng i NMK Vikedal Cup 2005.

Etter at NMK Vikedal Cup har blitt avvikla i juniorklassen og i rallycross i fleire år, er dette først året at cupen blir køyrd i bilcrossklassen for seniorane. Etter dei to rundane som er avvikla i klassen, i mars og no sist i juni, er det Per Gaute Østbø som har fått ei knapp leiing i cupen føre Arild Riise og Martin Tveit. Berre eit poengs forsprang har han fått på Riise, som igjen har fire poeng ned til Martin Tveit. Alle køyrer for NMK Vikedal. Etter løpet no, følgjer ein ny runde i september, før det heile blir avslutta med finalekøyring på Vikedal Motorbane 9. oktober.

For Per Gaute Østbø har sesongen så langt vore positiv.

- Eg har køyrt tre løp og fått med meg tre A-finalar, så det er eg nøgd med.

Sjølv om han som oftast er med å kjempar i toppen både i innleiingsheat og finalar, kan han ikkje hugse sist han vann eit bilcrossløp.

- Nei, det er lenge sidan, så det hadde smakt med ein sigar no på søndag.

Per Gaute Østbø har køyrt blicross sidan starten på Vikedal Motorbane i 1984, og vore med på at det har gått litt opp og ned med deltakinga.

- Akkurat no er vel kanskje interessa større enn den har vore nokon gong i løpet av desse 20 åra, og det syns eg er kjempepositivt


Per Gaute Østbø har tatt leiinga på Vikedal Motorbane i sin velbrukte Skoda.

Har fått forsprang

I juniorklassen har førarane køyrt tre rundar, og etter to sigrar og ein andreplass så langt, er det NMK Haugaland-føraren Arnt Olav Lillesund som har fått ei solid leiing i cupen. Frå han og ned til nestemann Christian S. Eikeland er det 15 poeng. Bak Eikeland er det eit nytt hopp på 14 poeng, men etter det er det tett. Ørjan Strand Eikeland som følgjer på tredje plass, deler denne plassen med Jan Magne Dybvik, Joakim B. Hansen og Jens Idar Juel, før Kjartan Vaka Lothe og Anette Aarre følgjer berre poenget bak.

Ørjan Strand Eikeland, som er første års junior, har så langt hatt ein fin sesong. Han har vore i A-finalen i alle løpa han har køyrt, og i juli gjekk han heilt til topps i eit løp på Gol med heile 45 deltakarar.

- Ja, då klaffa alt, og det må nok til om eg skal greie å gjere det same i Vikedal. 
Før søndagens løp reiser han til Egersund på laurdag for å kjempe om poeng i Vestlandsmesterskapet der han
ligg på tredje plass. At han skal miste bilen der nede, er noko han er redd for. 
- Skulle eg miste bilen i Egersund blir det vanskeleg å få kjørt løpet i Vikedal på søndag, så det får eg håpe ikkje skjer.


I todagarscrossen i juni vart Per Gaute Østbø (t.v.) nummer tre i bilcrossklassen, medan Ørjan Strand Eikeland greidde andreplass i bilcross junior.