Rune Lutsi Vestlandsmester i RCN inntil 2400 ccm.

Rune Lutsi vann endeleg eit velfortjent vestlandsmesterskap. I finalen måtte han sjå seg slått av Frode Leirhol, NMK Valdres, og Tom Engh, NMK Gjøvik, men det heldt likevel til å gå forbi John Vatland.

Supernasjonal:
Svein Bjarte Holten klarte ikke å vinna finale-runden i Bergen og vart dermed nr. 2 i VM i år.I dei innleiande omgangane sleit han med å få feste i starten, men kjørte seg opp i fleire av heata. I andre omgang var han litt uti kanten og øydela høgre bakfelg og måtte gi seg. Dermed vart det 4. startspor i finalen, bak Stian Haugan, Eivind Nevland og Jostein Skjerve. I finalen sat starten skikkeleg og han var heilt oppe på sida av Eivind Nevland, men måtte sleppa seg inn bak Nevland. Stian Haugan tok teten og kontrollerte til mål, framfor Eivind Nevland og Svein Bjarte.


Stian Haugan (t.h.) klarte å halda Svein Bjarte Holten bak seg og kunne jubla for eit nytt Vestlandsmesterskap.

Rallycross Nasjonal over 2400 ccm:
Det var heller ikkje denne gong noko å gjera med Steinar Stokke, NMK Bergen. Han vann framfor fleire Volvoar med Evo-ar. Dagens mest spektakulere rulling stod Håvard Helland for med sin Volvo 440 i 2. omgang. Han havna i vollen ut frå start og det var ikkje så mykje som var heilt på Volvo-en etterpå. Heldigvis kunne Håvard krypa uskadd ut. Dermed hadde Terje Steinnes kontroll på 3. plassen i VM. Han vart til slutt nr. 5 i løpet.

Rallycross Nasjonal inntil 2400 ccm:
I siste liten bytte Per Vidar Flesjå og Bjørn Magne Enge Moland bilar, slik at Per Vidar stilte med Escorten sin, medan Bjørn Magne kjørte med Focusen til Holten Motorsport.
     I første omgang vart det litt styr med et heat som matte ha 3 forsøk før alle deltakerane fekk vera med og kjøra rett antall rundar. Raskast var Frode Leirhol i sin VW Wankel, Per Vidar hadde 5. beste tid, medan Rune Lutsi bomma i innkjøringa til alternativsporet og fekk berre 10. beste tid. I andre omgang var Tom Engh raskast framfor Rune Lutsi, medan Frode Leirhol var raskast igjen 3. omgang. Dermed stod Frode Leirhol i beste startspor med Rune Lutis ved sida av seg. Per Vidar Flesja hadde beste startspor i B-finalen og Bjørn Magne Moland Enge 4. spor. Per Vidar vann B-finalen ganske suverent framfor John Kenneth Stubsve, NMK Gol, og Bjørn Magne. A-finalen var heller ikkje særleg spennande etter at Frode Leirhol tok starten og kontrollerte til mål. Rune Lutsi måtte sleppa Tom Engh forbi seg etter alternativsporet og vart dermed nr. 3. Per Vidar hadde ein kjempestart, men fekk ein trøkk i framhjulet i svingen på toppen, øydela opphenget og måtte gi seg.

Rune Lutsi lsikra seg ein Vestlandsmesterskaps-tittel i finalen på Eikås.

Bilcross junior:
Jens Idar Juel, som leia VM før finalen, fekk ein dårleg start på dagen. I første omgang feilrekna han antall rundar og vart flagga i mål i tet på sitt heat før han hadde vore i alternativsporet. Dermed vart det 0 poeng. Men han retta opp mykje med 2 heatsigrar i dei neste omgangane og beste startspor i B-finalen. Også andre av våre medlemmer gjorde det bra og vi hadde 3 heatsigrar i første omgang. Eirik Aasbøe vann sine 2 første omgangar og vart nr. 2 i tredje. 3. startpor i A-finalen gav det. Ørjan Strand Eikeland vann også sitt heat i første omgang, vart nr. 2 i andre og 4 i tredje omgang. Joakim B. Hansen kjørte Sierra denne gongen og vann sitt første heat, vart nr. 4 i det andre og nr. 3 i det tredje. Silje-Reneè Pedersen kjørte bra og fekk tredje-, fjerde- og femteplass i sine heat. Aleksander Stople, tok knekken på ein drivaksling på sin Escort og fekk berre ein tredje- og ein femteplass i sine fullførte heat
   I B-finalen vart det tett ut frå start og Jens Idar Juel var den uheldige som vart ståande igjen. Joakim B. Hansen klarte nesten å komma forbi Robert Sundland og ta seieren, men måtte ta til takke med andreplassen. Ørjan Strand Eikeland tok tredjeplassen. I A-finalen kom Eirik Aasbøe ut på femteplass, men dyktig kjøring og litt flaks gjorde at han kom seg heilt opp på andreplass ved målpassering.  Anders Øye, NMK Bergen, vann og sikra seg dermed og vestlandsmester-tittelen for bilcross junior.
      I samandraget vart Jens Idar nr. 2, Eirik nr. 3, Ørjan nr. 4, Knut Endre F. Ringhagen nr. 7, Aleksander Stople nr. 8 og Joakim B. Hansen nr. 11.

Fullstendige resultatliste for Vestlandsmesterskapet finn du på VM sine heimesider,

                  http://www.vestlandsmesterskapet.no