Spennande
før finalen i Vestlandsmesterskapet
Fleire
av førerane i NMK Vikedal har muligheter til pallplasseringar
samanlagt i Vestlandsmesterskapet 2005. Her er ein liten
klassevis oversikt over mulighetene:
Supernasjonal:
Svein
Bjarte Holten ligg på andreplass så langt i VM, men har
mulighet til å gå heilt til topps. For at det skal skje må
han vinna på Eikås. Han vil då få samme poengsum som Stian
Haugan, dei vil ha same antal første- og andreplassar, men vil
vinna ettersom han vinn finalen.
Svein Bjarte Holten i sin Volvo 240 i sesongopninga i Vikedal
i april.
Rallycross Nasjonal over 2400
ccm:
Her er Steinar Stokke, NMK Bergen, klar som vinnar og Geir
Harald Skeie vil ta andreplassen. Tredjeplassen skal Håvard
Helland og Terje Steinnes kjempa om. Håvard har 3 poeng å gå
på, men må stryka 7 poeng. Terje derimot kan leggja til alle
poenga han får og har dermed i realiteten 4 poeng å gå på.
Geir Harald Skeie har allereie sikra seg andreplass i
Vestlandsmesterskapet 2005.
Rallycross Nasjonal inntil 2400
ccm:
I denne klassen er alt ope før
finalen-runden. 8 poeng skil dei fire første, John Vatland, NAF
MS Gjesdal, Frode Fresvik, KNA Haugaland, Per Vidar Flesjå og
Rune Lutsi. Best an ligg Rune Lutsi sjølv om han har minst
poeng. Han har mindre løp enn dei andre og treng ikkje stryka løp.
Per Vidar treng best resultat for å kunne komme på pall, men
alt kan skje i denne klassen. Per Vidar skal kjøre Focusen til
Holten Motorsport som han gjorde i Vikedal sist helg. Ein
utfordrar i løpet vil bli Bjørn Magne Moland Enge. Han
imponerte i Vikedal sist helg i Escorten til Per Vidar og kan
kanskje blanda seg inn i finalane. I tillegg kjem det bilar frå
Gol og Valdres som kan vera utfordrarar til
finaleplassane.
Rune
Lutsi ligg bra an i Vestlandsmesterskapet framfor finalen. Nå
har og den ny-innkjøpte bilen fått dei rette
blå og kvite fargane til Østraadt Rør A/S
Bilcross junior:
Her er det Jens Idar Juel med 55 poeng som leiar framfor
Anders Øye, NMK Bergen, med 48 poeng. Begge desse har allereie
3 teljande løp, og må forbedre desse for å auka poengsummane
sine. Bak dei ligg Arnt Olav Lillesund, NMK Haugaland, med 34
poeng og berre 2 teljande løp så langt. Men Arnt Olav er ikkje
påmeldt på Eikås og vil nok bli ståande med sine 34 poeng.
Ein som i teorien kan nå heilt opp på andreplass er Aleksander
Stople, men han må då bli nr. 2 eller vinna løpet. I tillegg
må Anders Øye ikkje få meir enn 7 poeng.
Vinnaren får 5.000,- kr. i pengepremie, men i tillegg får dei
neste 6 2.500,- kr. kvar. Her er det mange som kan sikra seg
nokre kroner til neste års satsing. Ørjan Strand Eikeland,
Joakim B. Hansen og Eirik Aasbøe har alle muligheter til ein
plass blandt dei 7 beste som får pengepremiar.
Jens Idar Juel har hatt ein god sesong i sin Audi 80, og
leiar Vestlandsmesterskapet for bilcross junior. Løpet
på Eikås startar kl. 11.00 og etter tidsplanen skal finalane
starta kl. 15.30.
|