Vikedal Motorbane: 

Tidleg sesongopning i bilcross

På søndag er det er klart for rekordtidleg opning på Vikedal Motorbane når første runde i NMK Vikedal Cup blir avvikla i bilcrossklassane. Rundt 50 bilar stiller til start. 

Det var tidleg i haust at NMK Vikedal drøfta om dei skulle prøve å få til ein tidlegare start på sesongen, og eit betre tilbod for alle dei som etterkvart har meldt si interesse for bilcrossklasssen. Leiaren i bilgruppa i klubben, Marius Vaka Lothe, som sjølv køyrer bilcross, er glad for at det no ser ut til å bli svært god deltaking i dette løpet i midten av mars. 
- Alle bilane må kvart år gjennom ein fast årleg kontroll for å kunne starte i billøp, og i år måtte desse kontrollane haldast mykje tidlegare for å få bilane godkjende til dette løpet. Men dette har gått bra og mange har jobba med å få bilane klare. Rundt 50 påmelde deltakarar er i overkant av kva me hadde forventa oss til dette løpet, seier Marius Vaka Lothe, som er glad for at bilcrossførarane i år slepp å vente heilt til sommaren før dei kan setje seg i bilcrossbilen på Vikedal Motorbane. 
- Dei siste åra har todagarsløpet i juni vore det første for bilcrossklassen. Når me no startar mykje tidlegare, og i tillegg får så mange deltakarar, viser vel det at dette har vore ei rett satsing, seier han. Marius Vaka Lothe er likevel litt spent på korleis tilhøva på banen blir denne gongen. 
- Når me opnar sesongen så tidleg som dette er det klart at me er meir avhengige av at vinteren er snill med oss, og då det blei skikkeleg kaldt no seint i februar, har dette skapt ekstra utfordringar. Men me har no fått mesteparten av snøen vekk frå banen, og sjølv om kanskje tilhøva blir litt annleis enn dei pleier å vere, blir dette berre ei ekstra utfordring for førarane, sier Vaka Lothe, som håpar at mange finn vegen til Vikedal Motorbane på søndag 
- Me har både pølser, vafler og varm kaffi i kioskane, så det er berre å kle seg og ta på godt fottøy, så trur eg me får ein artig dag på Vikedal Motorbane. 

Eige juniorlag
Juniorsatsinga i NMK Vikedal har òg vore med på å rekruttere fleire deltakarar til arrangementa, og sjølv om vinteren sette ein stoppar for gjennomføringa av praksisdelen for nye juniorførarar, er det likevel heile 15 førarar som stiller til start i denne klassen. Dei siste to sesongane har NMK Vikedal hatt eit eige juniorlag, som på klubben sin rekning har blitt transportert til Bergen og Egersund for å delta i løp. Det har blitt gjennomført ei uttaking for å få dei seks juniorane som utgjer laget klare. Slik blir det også i år.
- Uttakinga av juniorlaget vil skje på ei trening før den første runden i Vestlandsmesterskapet, som går her på banen i april, seier Marius Vaka Lothe.


Rundt 50 bilcrossførarar er påmelde til den rekordtidlege sesongstarten på Vikedal Motorbane på søndag. Blandt dei er Lars Reidar Frøyland i Higre Boble og Frode Aas i Volvo, her frå eit tidlegare løp.