Per-Gaute Østbø nr. 3 i Egersund i dag

Per-Gaute Østbø tok ein fin 3. plass med sin Skoda i sesongopninga i Sør-Vest cup i Egersund. Etter første, andre og førsteplass i dei innleiande omgangane, stod Per-Gaute i 3. startspor i A-finalen.

Ein liten filmsnutt av starten finn du her ...

Det skjedde ikkje så veldig mykje i finalen, men ein halv runde før mål var Oddbjørn Bjørnestad langt ute i ein sving, og Per-Gaute var forbi og oppe på andreplass.Men i neste sving lurte Bjørnestad seg forbi igjen og sikra seg andreplassen. Thomas Østebrød, NMK Egersund vart nr. 4, Per Ivar Frøyland nr. 5 og Stein Erling Tjelta, KNA Klepp Motorsport nr. 6.


Per-Gaute kom ut på 3. plass i starten av A-finalen, og heldt denne stort sett gjennom heile finalen. Startnr. 1 er Oddbjørn Bjørnestad som vart nr. 2.


Det var svært jamnt mellom dei 2 boblene i tet, Espen Kerim i startnr. 2 og Oddbjørn Bjørnestad.


Dei 3 beste smiler tilfreds etter premieutdelinga. Vinnaren Espen Kerim, NMK Konsmo, i midten, andremann Oddbjørn Bjørnestad, NMK Kvinesdal, til høgre, og Per-Gaute Østbø til ventre.


Det var ein god del "action" i løpet. Her er det Curt Meland (nr. 25) som har fått besøk under/oppå forstillinga av ein Kadett frå Vennesla.