Bilsport i 2 heile dagar

Med over 130 bilar påmeldt ei veke før løpet, er ikkje NMK Vikedal langt unna den øvre grensa på 150 bilar dei har sett for helga. Laurdag køyrer dei andre runde i norgescupen i rallycross nasjonal, og både laurdag og søndag blir det todagars bilcross med nesten 100 bilar til start i dei to bilcrossklassane.

Juniløpet på Vikedal Motorbane har blitt populært, og sjølv om klubben vil ha flest mogeleg med på dette stemnet, såg styret i bilgruppa seg nøydd til å setje ei øvre grense på talet på deltakarar til stemnet i år.
- Tidlegare i vår fekk me tildelt andre runde i den nye norgescupen i rallycross nasjonal, og i og med at denne skal køyrast ferdig på laurdag, såg me oss nøydd til å setje denne begrensninga, seier leiar i bilgruppa Marius Vaka Lothe, som likevel ikkje er lei seg for at denne ikkje blir sprengt.
- Nei, me er berre glad for at alle som vil får lov til å køyre, og alt no har me tatt inn fleire i bilcrossklassen enn me hadde tenkt.


Leiaren i bilgruppa i NMK Vikedal, Marius Vaka Lothe.

Til løpet blir også eit nytt depot tatt i bruk for første gong.
- Me har dei siste åra slite med nok depotplass til førarane, særleg når det har vore dårlege vêrtilhøve, og det skal bli godt å kunne ta i bruk det nye 1000 kvadratmeter store depotet.

Vanskelege forhold
Norgescupen i nasjonal er ein nykomling dette året, og så langt er det påmeldt 43 biler i dei to klassane. Inntil 2400 kubikk er den største klassen med 28 påmelde. Første runde i cupen vart avvikla på Dokka i slutten av mai, og einaste deltakar frå NMK Vikedal der var Rune Lutsi, som til slutt enda på ein 15. plass. Løpet var prega av dårleg vêr og vanskeleg bane.


NMK Vikedal føraren Rune Lutsi har mange fine resultat i denne bobla på Vikedal Motorbane.

- Det var svært vanskelege baneforhold der oppe, så nå får me berre håpe me får ei fin helg i Vikedal, seier han, som har mange gode resultat å vise til på Vikedal motorbane.
I tillegg til Rune Lutsi er Per Vidar Flesjå frå NMK Vikedal på plass i klassen under løpet på heimebane.

Fleire med
Marius Vaka Lothe vonar at fleire førarar frå NMK Vikedal blir med i rundane som gjenstår i norgescupen, etter runden på Vikedal Motorbane.
- Styret i bilgruppa har bestemt at førarane som deltar i rundar i norgescupen får 500 kroner i tilskot for kvart løp på bortebane, noko me håpar fleire vil benytte seg av.
Det er Vegar Åslund NMK Fluberg som har tatt leiinga i den minste nasjonalklassen, føre NMK Valdres-føraren Frode Leirhol. Hans Kristian Strandbråten NMK Modum & Sigdal ligg på tredjeplass.


NMK Valdres-føraren Frode Leirhol (t.h.) ligg på andre plass i klassen inntil 2400 kubikk etter første runde i sin VW med Wankel-motor.

I den største klassen er det NMK Eidsvoll-føraren Ove Halvorsen som har tatt leiinga i sin Volvo PV, medan Terje Bredesen, KNA Solør og Frode Ludvigsen, NMK Gardermoen, følgjer på dei neste plassane, begge i Volvo 240. I denne klassen stiller både Terje Steinnes og Geir Harald Skeie frå arrangørklubben for å ta kampen opp i norgescupen.

Mykje bilcross
Medan norgescupen i rallycross nasjonal køyrer avsluttande finalar laurdag ettermiddag, held dei to klassane i bilcross fram med to nye omgangar og finalar søndag. Marius Vaka Lothe legg ikkje skjul på at dette blir eit tøft arrangement for klubben.
-Me er avhengige av svært mange frivillige for å få dette til, og når me kvar av dagane startar tidleg på føremiddagen og held fram til langt ut på ettermiddagen er me takknemlege for at alle desse stiller opp, seier han.
NMK Vikedal avvikla sitt første løp i bilcross under snøtilhøve i mars i år, og best på det glatte føret vart tre førarar i Higre Teamet frå Tysvær. Lars Reidar Frøyland vann, føre Martin Tveit og Arild Riise. Dermed har dei også tatt leiinga i NMK Vikedal Cup i denne klassen, og det blir spanande å sjå om dei greier å følgje opp suksessen frå i vinter på eit forhåpentlegvis tørt sommarføre.


I mars var det desse glade gutane frå Tysvær og Higre Teamet som vann bilcrossen på Vikedal Motorbane i tett snødrev. F.v. Martin Tveit, Lars Reidar Frøyland og
Arild Riise.

Bilcross juniorklassen har i tillegg til løpet i mars, også køyrt ein runde i NMK Vikedal Cup i april, i samband med Vestlandsmesterskapet. Her er det KNA Haugaland-føraren Arnt Olav Lillesund som har tatt leiinga føre Christian S. Eikeland og Jens Idar Juel frå arrangørklubben.

Med rundt 100 bilcrossførarar påmeldt i dei to klassane, bør det bli mange godbitar på Vikedal Motorbane i helga, for dei som likar fart og spenning og god bilcross.