Kva skjer med aktive og bilar i rallycross før sesongstart

Rallycross nasjonal inntil 2400 ccm
I 2004 var det stort sett 3 aktive frå NMK Vikedal i denne klassen. Kva planar familien Lutsi har i år veit me ikkje enno, men i fjor hadde Rune pause og det var far Sigmund som kjørte Bobla. Skjalg Lothe har annonsert sin Nissan Silvia for sal, så det er usikkert kva han skal gjera framover. Debutanten Ingvar Auestad hadde ein fin sesong, og vi håpar han satsar vidare i sin Volvo. Ein annan debutant, Øyvind Lie, kjørte berre eit løp i fjor.
       I år får vi iallefall ein ny debutant i denne klassen. Per Vidar Flesjå frå Ølen er allereie klar med ny bil. Han har overtatt ein Ford Escort som Cato Endresen frå Bergen kjørte i fjor.

Escorten som Per Vidar Flesjå skal kjøra i år.

Det går også rykter om at Johan Andrè Øverland held på med ein Peugeot for denne klassa, men vi har ikkje meir detaljar om dette enno. 
I sør-fylket har Gisle Morten Hetland sala om frå bilcross til rallycross nasjonal. Vi er ikkje heilt sikre på om han skal kjøra i inntil 2400 eller over, men reknar med at han skal kjøra i inntil 2400.
Oppdatering:
Ingvar Auestad byggjer ny motor med meir krefter til sin Volvo, og håpar å kunna hevda seg betre i sin andre sesong. Skjalg Lothe har ikkje selt bilen, og kjem til å kjøra full sesong med sin Nissan Silvia. Annonseringa var berre for å sjekka markedet.

Rallycross nasjonal over 2400 ccm
I denne klassen blir det fleire endringar i forhold til i fjor. Både Øyvind Tveit og Terje Steinnes hadde ein fin haustsesong i fjor. (Øyvind fortset med sin 240) Øyvind har no lagt ut Volvo'en for sal, medan Terje har vore på Fitjar og kjøpt Håvard Helland sin Volvo 240. Det går rykter om at Håvard vil prøva seg i crosskart, men det er visstnok ikkje heilt avgjort.
Volvo 360'en til Terje blir innan familien, og Geir Harald Skeie skal kjøra den i år.


Geir Harald Skeie skal kjøra denne 360'en som onkel Terje har kjørt tidlegare.

Jarle Bukkøy har sin Volvo 240 for sal, og skal vel primært vera mekanikar for Anette Aarre i bilcross jr. Øyvind Eikeland fekk eit motorhavari på Bobla si i juni, og har vurdert å selja den. På Fitjar fortset forhåpentlegvis Terje Heggøy med sin PV, sjølv om han ikkje deltok i alle løpa i fjor. Vi håpar og 440'en til Ole Vidar kjem på alle løpa, enten med Ole Vidar som sjåfør eller andre Fitjar-buar. Siste ryktene tyder på at sonen Håvard kjem til å kjøra far sin bil i år (det er jo billigare enn å ha eigen). Jostein Hannisdal frå Osterøy, som tidlegare har kjørt for NMK Vikedal, har i år meldt overgang til NMK Bergen.

Rallycross Supernasjonal
I supernasjonal skal Nils Arve Helland debutera med sin nye Volvo 940 i klassen over 2000 ccm. Den vart kjøpt i fjor sommar, men 16V-motoren har vore til overhaling, og det vart dermed ikkje noko kjøring i fjor.


Den nye bilen til Nils Arve Helland (bildet er "lånt" frå annonsa).


Men slik såg han ut i slutten av januar.


Litt meir er klart på far Ole Vidar sin bil, den har iallefall motor.

I Holten Motorsport har det og vore litt endringar. Som kjent vart Volvo 240'en til Ernst Holten Leifsen selt til Øystein Verlo i Bergen og Ernst skulle ha pause i år. Heldigvis vart ikkje pause så lang, og no er planen at Ernst skal kjøra Focus'en.


Skadene etter siste løpet i fjor er ordna, og Focus'en er forholdsvis klar.

Svein Bjarte Holten var i Sverige ein tur og kjøpte seg ein Volvo 240 som han skal delta med i supernasjonal over 2000. Bilen har tidlegare tilhøyrt Jørgen Larsson, og vart nr. 8 i Evo-cupen i fjor og nr. 5 i 2003. Karroseriet var nybyggd til 2003-sesongen. På veg heim var dei innom hjå Alf Eng med motoren slik at den får ein oppsjekk. Vi tippar at Vestlandsmesterskapet blir hovedmålet for Holten Motorsport, men nokre NM-rundar vert det vel og tid til.


Den nye Volvo'en til Svein Bjarte vil nok skifte farge før den kjem til start i sesongopninga i Vikedal 9. april.

        Ellers er Escort'en til Leif Roald Bjelland selt til Sørlandet og Per Magne Røyrås, slik at NMK Vikedal vil fortsatt ha 3 bilar i supernasjonal.


I månadskifte jan/feb. såg Volvo'en slik ut. Det gjenstår litt arbeid før den er klar.