Medlem
som kjører classic roadracing.
Det
er vel få om nokon som har fått med seg at vi har eit medlem
som kjører roadracing med ein classic Honda 350. Per Jarle
Smaamo frå Sand, nå busett i Stavanger, deltar i denne klassen
saman med faren, Arthur, med svært gode resultater.
Per Jarle Smaamo klar til nye rundar på sin Honda CB350.
Klassen
"Classic 350"
Reglane seier at syklene skal ha vore tilgjengelege i Europa i
roadracingsesongen siste året før tidsgrensen. For totakterane
betyr det 1967 og firtakterane 1972. Ramene skal vera
tidstypiske og røyrramer av rundrøyr. Totakterane skal ha
trommelbremsar, medan firtakterane kan ha skivebrems framme.
Motorsyklar som er med i klassen er Honda CB350, Honda CB77,
Kawasaki A7 og Aermacchi Ala d'Oro 350.
Per Jarle i fint driv nedover langsida.
Norsk
Classic TT 2005
På Våler den 10. -12. juni vart resultata spesielt gode for
Per Jarle Smaamo, sjølv om det blir lite kjøretrening. I det første
løpet lørdag vart han nr. 3 etter å ha hatt beste
kvalifiseringstid på vått før og nest-beste på tørt føre.
I søndagens løp gjekk han heilt til topps etter at lørdagens
vinnar, Clas Erikson, måtte gi seg etter 4 rundar. På lørdagen
var det 18 deltakerar til start i klassen, medan det var 13 som
stilte til start på søndagen.
Per Jarle ligg pr. i dag på 10. plass i samandraget for klasse
4, 350 ccm, i Nordic Classic Racing Cup 2005. Cupen består av 3
dobbeltløp i Sverige, 1 i Finland og 2 i Norge (Våler og Mo i
Rana). 4 av dobbeltløpa er no kjørt, men Per Jarle har berre
deltatt i eit av dei.
Per Jarle på toppen av pallen søndag med Magnus Wihlborg,
Sverige, på andreplass og Ingemar Stig, Sverige, på
tredjeplass.
Tidlegare
resultater
I tilsvarande løp i fjor, Norsk Classic TT 2004, vart Per Jarle
nr. 5 og 6.
Far Arthur kjører for NMK Molde
Vi tar med eit bilde av far Arthur Smaamo som vi har "lånt"
frå NMK Molde sine heimesider. Der har dei eit miljø for
classic roadracing med i underkant av 10 aktive førerar. Arthur
er og aktiv og kjører ein tilsvarande Honda CB350 i same klasse
som Per Jarle.
Resultater frå Norsk Classic TT 2005: http://www.mylaps.com/results/showevent.jsp?id=77175
Meir
informasjon om klassen finn du her: http://home.swipnet.se/wilbylracing/index.htm
Heimesida til Classic RR-gruppa i NMK Molde: http://www.nmk.no/molde/
|