Lisenskurs våren 2005 for bilcross junior og rallycross/asfalt/bakke

Bilcross junior
Konkurransekøyring med bil på bane. Du kan starte med bilcross junior det året du fyller 16 år. For å kunne delta på treningar og løp må du gjennom eit lisenskurs som består av både teori, teoriprøve og praktisk køyring på bane. Sjå nedanfor.
           Du kan frå i år av løysa treningslisens frå det året du er 15 år. Du kan ikkje delta i løp, berre treningar. Du må då delta på lisenskurset, og lisensen blir automatisk oppgradert til vanlig lisens det året du fyller 16 år.

Rallycross / asfalt / bakke
Konkuransekøyring med bil på rallycross-, asfaltbanebane eller i bakke. For å kunne starte med rallycross / asfalt / bakke må du ha førarkort, og i tillegg må du gjennom eit kurs som består av både teori og praksis. Dersom du tar teoridelen og kan dokumentere at du har deltatt i seks bilcrossløp, kan du òg løyse H-lisens.

For påmelding til eller informasjon om alle kurs, kontakt:
Sivert Ole Holten, tlf 90547433, sivert.ole@holtenmedia.no


Kursplan:

Dato / klokkeslett Kvar Påmeldingsfrist
Bilcross jr. Del 1 - Teorikurs + teoriprøve Kursavgift: 250,-
Onsdag 2. februar kl. 18.00 - 22.00 Kurset blir lagt ein stad på Haugalandet i nærleiken av der det melder seg på flest deltakarar. 19. januar
Onsdag 9. februar kl. 18.00 - 22.00 Stavanger - Sandnes 26. januar
Onsdag 16. februar kl. 18.00 - 22.00 Sauda 2. februar
Bilcross jr. Del 2 - Praktisk kjøring Kursavgift: 100,-
Lørdag 5. mars kl. 09.00 - 13.00 Vikedal Motorbane 18. februar
Lørdag 9. april kl. 09.00 - 13.00 Klepp Kart Ring 26. mars
H-lisens Del 1 - Teorikurs + teoriprøve Kursavgift: 500,-
Torsdag 3. februar kl. 18.00 - 22.00 Kurset blir lagt ein stad på Haugalandet i nærleiken av der det melder seg på flest deltakarar. 20. januar
Torsdag 10. februar kl. 18.00 - 22.00 Stavanger - Sandnes 27. januar
H-lisens Del 2 - Praktisk kjøring Kursavgift: 200,-
Lørdag 5. mars kl. 13.00 - 16.00 Vikedal Motorbane 18. februar
Lørdag 9. april kl. 13.00 - 16.00 Klepp Kart Ring 26. mars