Kva skjer med aktive og bilar i bilcross før sesongstart

Bilcross junior
Som vanleg er det litt utskiftningar i bilcross junior. Av våre medlemmer er det Aleksander S.  Eikeland og Johan Andrè Øverland som no er for gamle til å kjøra i junior-klassa. Aleksander forset med bilcross, medan Johan Andre går med planar om å starta med rallycross nasjonal.
           Av dei andre har Knut Endre Fønnebø Ringhagen starta bygging av rallycross nasjonal bil, men er ikkje 18 år før i september. Dermed kjem han til å delta i bilcross junior mesteparten av sesongen, om ikkje heile. Christer Litland hadde bilen for sal, men ombestemte seg og fortset med Sierra. Eirik Aasbøe håpar å få ut litt meir effekt av sin BMW i løpet av vinteren. Det er og ein del andre som har vore på jakt etter trimmingsdeler i vinter, så det vert nok hard kamp om plassingane også i år. Anette Aarre kjem seg etter ryggproblemene frå smellen i siste løpet i fjor, og satsar vidare i Sierra'en. Stian Lilleskog kjem med nye Sierra seier ryktene. Jens Idar Juel jobbar visstnok med å byggja opp ein Audi 80. Ellers forset dei aller fleste, både Joakim B. Hansen, Christian S. Eikeland, Kjartan Vaka Lothe, Roar Lothe, Aleksander Stople, Aleksander Skeie og Kristoffer Reimers med dei bilane dei kjørte med i fjor
.
          Av nye som kjem er det nokre 2. generasjons førerar. Ørjan Eikeland, son til Øyvind, kjem i boble. Det same gjer Jarle Høyvik, son til Steinar, forøvrig gamlebilen til Tore Hundsnes. Jan Kåre Frøyland, son til Lars Reidar kjem i nybygd Sierra. Frå Vats er det heile 3 jenter som skal på lisenskurs. Anja Andersen, stedotter til Tom Jøran, har planar om å delta, men uvisst med kva slags bil. Inger Lise Eikeland representerer familien Eikeland og kan vel dela bil med storebror Aleksander. I tillegg er Helene Bådsvik påmeldt på lisenskurset. Frå Vats kjem enno ein Eikeland, Jan Strand Eikeland, som også er påmeldt på lisenskurset.
             Ellers er 2 Sierra'er snart klar i Vikedal. Dei er ein del av ei prosjektoppgåve for 10. klassingane i Vikedal, der Johannes Holten Leifsen har det tekniske ansvaret. 8 av elavane skal nå lisenskurs. Bilane og utstyret er det NMK Vikedal som eig. Også på den vidaregåande skulen i Sauda er ein ny bil under bygging. I Sauda er det 9 som er påmeldt på lisenskurset.
             Også i Suldal ser det nå ut til at  bilcrossen har fått fotfeste. Frå Suldalsosen er Olav Bakka påmeldt, og ryktene seier at han skal kjøra Volvo 240. Lotteribilen gjekk til Stord, og no er sonen til vinnaren, Morten Veland, påmeldt på lisenskurset.

Bilcross
I bilcross senior er det også litt forandringar. Bobla til Gisle Morten Hetland som var for sal har hamna i Aurdal i Vats. Kjell Skrunes skal gjera comeback etter 13-14 år som funksjonær (dommar, løpsleiar etc.) er det tydeligvis på tide å prøva seg som aktiv igjen.


Kjell Skrunes frå Øvre Vats har kjøpt bobla til Gisle Morten Hetland.

Det er og mulig at Øyvind Eikeland kjører bilcross i år, i bobla sjølvsagt visstnok kjøpt i hjå Gisle Morten den og. Det går ein del skeive blikk over Eikelandsmyrane til Aurdal og Kjell Skrunes. Dei har visstnok ei uoppgjort sak frå eit heat i 1991, som dei planlegg å få avgjort på 2-dagarsløpet i juni. Lars Reidar Frøyland fortset med boble, medan ryktene seier at Tom Jøran Johnsen vurderer å kjøpe tilbake Fiat'en. Ellers er det observert ein uregistrert Golf bak løa hjå Tom Jøran i tillegg til at Anja treng bil. 
          I Ølen byggjer Kenneth Johansen seg ny Sierra med V6'er, medan Per Gaute Østbø, litt lenger oppe i skogkanten, satsar mest på Skodaen i 2005. I Tysvær byggjer familien Riise ny Golf og ny Ascona. Brørne Vidar og Arild skal kjøra kvar sin Golf, og skal ha Ascona'en klar til start i reserve. Higre-teamet får og eit nytt medlem i Morten Søvik frå Grinde som debuterer i Higre Sierra med radialdekk og doble skvettlappar. Steinar Høyvik skal ikkje kjøra i år, men skal vera "team-sjef" for sonen, Jarle, og for Higre-teamet. 
          I Vikedal har Asle Øverland seldt den Volvo 164 han kjøpte av Sauda Vidaregåande Skule i fjor, men byggjer no ny bil. På Sandeid jobbar Bjørn Magne Enge med ein ny Volvo til seg sjølv, og ein Golf til faren, Svein Arne Moland.. Mellom Sandeid og Ølen hjå Suldal Billakkering vert det og jobba med nokre bilcross-bilar. Ernst Holten Leifsen held på med ein Escort tiil foreldra Kari og Ole Sigve. I tillegg byggjer dei 2 Volvo 240'ar som skal leigast ut på treningar, til utdrikningslag eller andre anledningar.
          I Haugesund er Frode Aas snart klar med sin ny-renoverte Volvo 240, og i same garasje er ein debutant også klar med ein ny Volvo 242.
          Ellers håpar vi at alle dei andre fortset med dei bilane dei har. Sjølvsagt håpar vi og at det dukkar opp nokre nye fjes og bilar. Det er fortsatt god plass til fleire i miljøet.