Har inngått ny samarbeidsavtale

Haugesund Sparebank og NMK Vikedal kunne sist veke inngå ein ny samarbeidsavtale som vil gi klubben eit betydelig beløp i sponsorstøtte for 2005. 

Banken og klubben har hatt eit godt samarbeid i mange år, som i fjor vart formalisert i ein samarbeidsavtale. No er denne blitt betydeleg utvida. 
- I tillegg til at me veit at dette er eit bra bidrag for klubben, registrerte me i fjor at denne klubben gav oss veldig mykje tilbake, og på sponsorsamlinga i november var det nettopp NMK Vikedal som kunne motta marknadsføringsprisen vår på 7500 kroner. Det me får igjen frå klubben er viktig for oss, og eit ledd i vår marknadsføring, seier kontorsjef i Haugesund Sparebank, Odd A. Tofte, som legg vekt på det gode tilbodet klubben har, retta inn mot ungdom. 
- Med sin motorsportsaktivitet når NMK Vikedal fram til dei ungdommane som er interessert i nettopp dette, og det er dette arbeidet me gjerne vil med vere med å støtte opp om. 
Leiaren i bilgruppa i NMK Vikedal, Marius Vaka Lothe, er svært glad for avtalen som no er klar med banken. 
- Pengane vil bli brukt mot juniorane våre, slik at desse kan få eit endå betre tilbod, seier han, som likevel er klar over at ein slik avtale forpliktar, og at banken vil ha noko tilbake. 
- Eit av punkta i avtalen seier at den vil bli automatisk fornya dersom ingen av partane seier den opp, og det er heilt klart det som er vår utfordring i år, å arbeide for ei vidareføring av avtalen. 


Leiar i bilgruppa i NMK Vikedal, Marius Vaka Lothe (t.v.) og kontorsjef Odd A. Tofte i Haugesund Sparebank kunne i sist veke underskrive den nye samarbeidsavtalen.