Til topps og i leiing
 

Geir Harald Skeie (t.v.), Joakim Rønnevik og Stein Erling Tjelta vann den andre runden i Vestlandsmesterskapet, og leiar rallycrossklassane etter to rundar.


Alle tre var strålende fornøyd med både kjøringa og resultatet på Eikås Motorsenter søndag.

-Bilen fungerte, og eg fekk det godt til, sa ein svært blid Stein Erling Tjelta etter premiutdelinga. NMK Egersund-føraren kunne etter seieren og klatre opp på toppen av samanlagtlista i rallycross nasjonal inntil 2400 kubikk, etter to rundar.
NMK Vikedal-førerane Geir Harald Skeie og Joakim Rønnevik var og fornøyde, og står begge med to seire etter to rundar. Det er no klart at både Joakim og Geir Harald får kjøre under den norske EM-runden på Lånke til helgen.
- Har blitt invitert til å kjøre Supportrace under EM-runden, og eg stiller, sier Geir Harald Skeie, som var godt fornøyd med sin Volvo på Eikås.
-Fungerte veldig bra, og trur ikkje eg treng gjera så mykje med den før EM-runden på Lånke.


Geir Harald Skeie var godt fornøyd med sin Volvo 940 på Eikås.

For Joakim Rønnevik vart det ein søndag utan problemer. Han vann alle innleiande heat og finalen.
-Alt fungerte og bilen er like fin, så no er det berre litt service så er den klar for EM-kjøringa i Trøndelag, sier Joakim, som saman med fem andre førerar er invitert til EM-kjøring på Lånke i rallycross junior klassen.

 

Bilcrossklassane kjørte tredje runde i Vestlandsmesterskapet på Eikås, og NMK Vikedal-førerane Gøran Spartveit og Knut Endre Ringhagen vann henholdsvis  junior og senior klassane og leiar samenlagt etter tre rundar.


Gøran Spartveit (t.v.) vann bilcross junior og Knut Endre Fønnebø Ringhagen vann bilcross senior.