Spartveit og Bruland vann alt

 

NMK Vikedal-førarane  Gøran Spartveit og Joakim Bruland vann alt på Vikedal Motorbane på søndag, både innleiingsheat og finalane i dei to bilcrossklassene.

 

Joakim Bruland (t.v) og Gøran Spartveit vann alt på Vikedal Motorbane søndag.

 

Utgangspunktet i Vestlandsmesterskapet var det beste for dei begge før løpet heime på Vikedal Motorbane. Joakim Bruland vann den første runden i Bergen i april, medan Gøran Spartveit vart nummer to. Etter runden i Vikedal er dei begge på topp i Vestlandsmesterskapet.

I finalen låg Gøran Spartveit i leiing då han alt etter ein runde gjekk han inn i alternativsporet.

-Eg såg i speila at det kunne gå, og då eg kom ut igjen i leiing hadde eg rimeleg bra kontroll innover mot mål, seier Gøran, som køyrer sin tredje sesong i bilcross junior i Ford Taunus.

I fjor vart han nummer seks i Vestlandsmesterskapet, men sjølv om han no har elleve poengs leiing til andremann, Atle Nordpoll Teigland, er han nøktern til det som skal skje vidare.

-Målet er å kome høgare opp enn i fjor, og no vil eg i alle fall prøve å vinne samanlagt.

Håkon Tveit NMK Vikedal kom på andreplass i løpet, medan Atle Nordpoll Teigland NMK Bergen blei nummer tre. I Vestlandsmesterskapet ligg Henrik Fluge NMK Bergen på tredjeplass i klassen.


Gøran Spartveit ratta Taunusen sin inn til siger i bilcross junior i Vikedal søndag.

 

Vann igjen

I seniorklassen var Joakim Bruland like suveren som Gøran Spartveit, og vann alle sine innleiingsheat. I finalen blei det likevel litt trangt i starten.

-Støytdemparane var utslitne og dermed blei det ein dårleg start, men eg kom meg opp i leiing etter første sving og greidde å halde den inn til mål.

Etter to løp i Vestlansdmesterskapet leiar han no med heile 14 poeng, og han har stø kurs mot målet sitt.

-Vann Vestlandsmesterskapet i 2007 og målet no er å ta tilbake tittelen i år, og så langt ser det bra ut, seier Joakim Bruland.

 


Joakim Bruland satsar på ein ny VM-tittel etter å ha vunne dei 2 første rundane i Vestlandsmesterskapet 2011.

 

NMK Vikedal sine førarar tok dei ti øverste plassane i bilcrossklassen, og Hans Kristjan Kristjansson og Knut Endre Fønnebø Ringhagen vart nummer to og tre i løpet. I Vestlandsmesterskapet har også Knut Endre Fønnebø Ringhagen andreplassen, medan Torbjørn Østerbø Veland, NMK Bergen, er på tredje plass.

 

Neste runde i Vestlandsmesterskapet for bilcrossklassane er eit nytt løp på

Vikedal Motorbane 11. – 12. juni.