Finale i NMK Vikedal Cup
På søndag går finalen i NMK Vikedal
Cup på Vikedal Motorbane. Sondre Hundseid Eikeland, Knut Endre
F. Ringhagen, Johannes Holten Leifsen og Geir Harald Skeie leiar
før finaleløpet.
I bilcross junior har det blitt skikkeleg tett i kampen om
cupsigeren. NMK Vikedal Cup går i år over tre rundar, og Gøran
Spartveit og Sondre Hundseid Eikeland har tatt kvar sin siger.
Dei ligg også i leiing før finalen, Sondre har 31 poeng, medan
Gøran ligg poenget bak. Også Sindre Vikedal kan med sine 27
poeng blande seg inn i kampen om cupsigeren, det same kan NMK
Bergen-føraren Atle Nordpoll Teigland som følgjer poeng bak dei
tre NMK Vikedal Førarane.
For Sondre Hundseid Eikeland blir det ny bil denne gongen.
-Det blir det ein Passat fordi Golfen eg har køyrt med, vart
øydelagd og skeiv sist eg køyrde med den i Bergen, fortel Sondre,
som likevel har håp om å kjempe i toppen også på søndag.
-Passaten er større og litt annleis å køyre, men den har større
motor, og eg trur at eg skal kunne hevde meg med den òg.
Også Vestlandsmesterskap
I bilcrossklassen for seniorane har Knut Endre F. Ringhagen fått
ei åtte poengs leiing til Per Gaute Østbø. Hans Kristjan
Kristjansson følgjer poenget bak
For begge bilcrossklassane er finalen i NMK Vikedal Cup også eit
teljande løp i Vestlandsmesterskapet. Her leiar også Ringhagen
føre ein annan NMK Vikedal-førar, Joakim Bruland.
-Dette blir eit viktig løp både i høve cupen og
Vestlandsmesterskapet, seier Knut Endre, som er svært nøgd med
sesongen så langt og BMW`n han køyrer.
-Bilen har fungert gjennom heile sesongen og no før dette løpet
er det berre å vaske og skifte olje så er den klar igjen.
Knut Endre Fønnebø Ringhagen er klar med sin BMW til ny kamp
på søndag.
Vil til topps i cupen
I rallycross har Johannes Holten Leifsen eit grep om leiinga i
minste klassen, og før finalen har han åtte poeng å gå på til
Lars Reidar Frøyland. NMK Bergen-føraren Laila Bjørge følgjer
deretter.
Etter at det har gått stadig betre i Norgescupen, som Johannes
Holten Leifsen også køyrer, er han lysten på å gå til topps i
NMK Vikedal Cup.
-Det blir nok vanskeleg å gå til topps i løpet, men greier eg å
dra i land sigeren i samandraget er eg nøgd, seier Johannes, som
stort sett er klar med sin Ford Focus til løpet.
-Litt finpuss før løpet blir det nok, men elles skal den vere
klar.
Johannes Holten Leifsen har ambisjonar om å vinna NMK Vikedal
cup, og då vert det nok meir hjulløft på Focusen.
I den største rallycrossklassen er det berre NMK
Vikedal-førarane Geir Harald Skeie og Ingvar Auestad som har
køyrd begge dei to første rundane, og har vunne kvar sin gong.
Geir Harald har fem poeng å gå på til Auestad, og satsar ham på
ein ny siger.
-Det er det som er målet.
Før sesongen kjøpte Skeie ein Volvo 940, som han har køyrt både
NM og EM-supportrace med.
-Bilen er bra den, men med litt liten motor blir det hardt å
halde følgje om det blir tørt og dei andre få nytta kreftene
sine.
Geir Harald Skeie i sin Volvo 940
|