NMK Vikedal
vann alle klassar
NMK Vikedal sine førarar vann alle klassar på Vikedal Motorbane.
Sondre Hundseid Eikeland, Knut Endre Ringhagen, Johannes Holten
Leifsen og Ingvar Auestad gjekk til topps.
Det var Sondre Hundseid Eikeland som drog det lengste strået til
slutt i junior klassen under den tredje runden i
Vestlandsmesterskapet på Vikedal Motorbane i helga.
Etter to andre plassar og tre heatsigrar i dei innleiande
omgangane, hadde han andresporet ved sidan av Sindre Vikedal.
Sondre køyrer sin første sesong i bilcross junior
i ein VW Golf.
-Bygde bilen i vinter og i helga verka den svært bra, seier han
Med dette resultatet er Sondre Hundseid Eikeland også oppe på
ein tredjeplass i Vestlandsmesterskapet. Gøran Spartveit NMK
Vikedal leiar meisterskapen, medan Atle Nordpoll Teigland NMK
Bergen ligg på andre. Sondre stiller i Bergen for å forsvare
posisjonen.
-Reiser til Bergen til helga, så får me sjå.
Sindre Vikedal og Andrè Hustoft Nesheim kom på dei neste
plassane i løpet.
Sondre Hundseid Eikeland gjekk til topps i bilcross
junior framfor Sindre Vikedal (t.v) og Andrè Hustoft Nesheim.
I bilcrossklassen hadde Knut Endre Ringhagen sikra seg høgast
poengsum etter dei innleiande omgangane. Finalen vann han føre
Per Gaute Østbø, NMK Vikedal og Nils Kleven, NMK Jørpeland.
Med dette resultatet overtok også Ringhagen leiinga i
Vestlandsmesterskapet, og har no to poeng å gå på klubbkamerat
Joakim Bruland, som ikkje hadde full klaff i helga og vart
nummer 13. NMK Bergen-føraren Torbjørn Østerbø Veland ligg på
tredjeplass.
Knut Endre Ringhagen
vann bilcross framfor Per Gaute Østbø (t.v.) med Nils Kleven på
tredje plass.
Manglar effekt
I rallycross vart det til slutt Johannes Holten Leifsen som tok
med seg løpsigeren. Etter ein snurr i første omgang vann han dei
tre siste omgangane, i sikra seg bestesporet i finalen føre
Hallvard Finnvik, også han frå NMK Vikedal.
- Traff godt både i starten og i alternativsporet i finalen, og
sjølv om Hallvard Finnvik låg føre meg ei stund, greidde eg å ta
meg forbi, seier Johannes, som dermed tok sin første siger i sin
Ford Focus. Likevel har han meir inne.
-Får ikkje full effekt i motoren, noko me ikkje finn årsaken til,
men som me kjem til å jobba vidare med fram mot løpet i Bergen
til helga.
Johannes Holten Leifsen
sikra seg sin første seier med den nye Focusen i rallycross
nasjonal inntil 2400 ccm.
I største klassen var det berre to bilar som stilte til start.
Geir Harald Skeie var best i dei innleiande omgangane, medan
Ingvar Auestad vann finalen etter at Geir Harald kom best ut.
Skeie fekk ein stopp på grunn av brudd på ein bensinslange.
Ingvar Auestad var nøgd.
-Planen var å teste ut nye dekk under løpet i Vikedal, og då eg
til slutt enda på toppen er jo det ein skikkeleg bonus, seier
han, som no er endå betre budd til løpet i Bergen neste helg.
-Me har gjort eit nytt dekkval, og gjort ein del ting med bilen
som me meiner gjer den betre.
Ingvar Auestad tok
seieren i den store klassen etter at Geir Harald Skeie måtte gi
seg med tekniske problem.
Allereie på søndag er det klart for ny runde i
Vestlandsmesterskapet på Eikås Motorsenter ved Bergen. Med
førarar frå NMK Vikedal i leiing i alle klassar.
|