Vann på heimebane
NMK Vikedal-førarane Sindre Vikedal, Knut Endre F. Ringhagen,
Johannes Holten Leifsen og Geir Harald Skeie gjekk til topps i
NMK Vikedal Cup.
Geir Harald Skeie hadde kontrollen på cupen før finalen, og
hadde også full kontroll under finaleløpet, der han vann alle
tre omgangane.
Geir Harald Skeie hadde full kontroll både på løpet og NMK
Vikedal cup
-Med litt regn innimellom blei det slik eg hadde håpa på, og eg
fekk utnytta bilen og motoren. Finalen vann han føre Bjørn Magne
Moland Enge og Ingvar Auestad, og også her gjekk han i tet.
-Var forsiktig i starten på det sleipe underlaget, gjekk opp i
leiing og greidde å halde den inn til mål.
Auestad og Moland Enge kom også på dei neste plassane i cupen.
I minste klassen var Johannes Holten Leifsen i leiing før
finalen, og sjølv om han måtte ta til takke med andreplassen bak
Lars Reidar Frøyland tok han cupen med seks poengs margin til
Frøyland.
-Hadde ingen muligheiter på Lars Reidar i finalen, så det var
greitt, seier Johannes, som også denne gongen sleit med
opphenget.
-Me justerte undervegs og det blei betre mot slutten.
Kenneth Johansen blei nummer tre i løpet.
Johannes Holten Leifsen måtte gi tapt for Lars Reidar
Frøyland i løpet, men vann NNMK Vikedal Cup.
Overtok cupen
I bilcross junior var det Sondre Hundseid Eikeland som leia før
finaleløpet, men han greidde berre ein 16. plass, og var dermed
ute av kampen. Sindre Vikedal hadde ein god dag, vann B-finalen,
gjekk direkte i tet frå dårlegeste startspor i A og hadde full
kontroll. Dermed blei ein tredjeplass før finalen til cupsiger.
Han var nøgd med Volvoen sin.
-I dag fungerte den veldig bra, seier Sindre, som også vann sine
innleiingsheat i andre og tredje omgang.
Bilcross vil han halde fram med med same bil.
-Reint teknisk er bilen bra og eg fekk ny motor i vår, men den
er rusta i karosseriet og eg bør vel skifte karosseri til neste
sesong.
Håkon Tveit og Thomas Nonslid, begge NMK Vikedal, blei nummer to
og tre i løpet, medan Gøran Spartveit og Håkon Tveit blei nummer
to og tre i cupen.
Sindre
Vikedal låg på tredjeplass før finaleløpet, men med seier her
vartdet seier i NMK Vikedal Cup og.
Drog det i land
For Knut Endre F. Ringhagen blei det etter kvart vanskeleg på
Vikedal Motorbane på søndag.
-Toppakningen rauk og kjølevatnet fossa ut av motoren, men me
fylte på mellom kvar omgang og det heldt akkurat.
I finalen blei han nummer fem, men likevel godt nok til å ta
cupen med tre poeng føre Joakim Bruland som vann løpet.
Dermed har Joakim Bruland overtatt leiinga i
Vestlandsmesterskapet.
-Hadde som mål å halde han bak meg også der, men no passerte han
meg med eit poeng og dermed blir det skikkeleg spennande,
sluttar Knut Endre.
NMK Vikedal-førarane Glenn Olav Lothe og Hans Kristjan
Kristjansson blei nummer to og tre i løpet i bilcrossklassen.
Førarane frå NMK Vikedal til topps. F.v.
Johannes Holten Leifsen, Knut Endre F. Ringhagen, Sindre Vikedal
og Geir Harald Skeie
|