Tre frå NMK Vikedal til EM

 

Joakim Rønnevik, Geir Harald Skeie og Daniel Holten stiller alle til start under den norske EM-runden på Lånkebanen ved Stjørdal til helga.

 


Daniel Holten, Joakim Rønnevik og Geir Harald Skeie stiller i EM-runden til helga.

 

Det er første gong at NMK Vikedal stiller med fleire enn ein deltakar under ein EM-runde, men tidlegare har både Oddvar Svantesen frå Sauda, Svein H. Kristoffersen frå Karmøy og Svein Bjarte Holten frå Vikedal representert klubben under EM.
- Oddvar Svantesen deltok og tok poeng i ein del EM-rundar frå 1986 og 1988 med Volvo 240 Turbo og Ford Sierra Cosworth.  Beste resultat var ein sjette plass på Lydden Hill i Volvoen. Svein H. Kristoffersen køyrde EM-rundar på Lyngås i BMW 635 CSi og Talbot. Svein Bjarte Holten køyrde Supportrace på Momarken i 2005 i ein Volvo 240, og blei nummer 14, kan klubbsekretær i NMK Vikedal Svein Erik Østbø fortelje


Ligg på fjerde plass
Dermed fører no Joakim, Geir Harald og Daniel tradisjonen vidare, og til helga køyrer alle tre for første gong under ein EM-runde i rallycross på norsk jord. Det ser dei fram til. 
-Sjølv om det er i Trøndelag, blir dette heimebane for meg, seier Daniel Holten (19), som så langt i sesongen har køyrt EM-rundane i England og Portugal, og ligg på fjerde plass samanlagt i Super 1600 klassen. 
I Portugal køyrde han i ein leigd bil etter at han vraka sin eigen bil under NM-opninga i Bergen første helga i mai. No er hans Citroen Saxo klar igjen, og Daniel set seg nye mål.
-Under EM-opninga i England vart eg nummer sju med bilen. Trur Lånkebanen kan passe betre, og eg vil prøve å kome meg til A-finalen, men om det skal gå trur eg nok eg må vegen om B-finalen først, seier han.


Saxo'en til daniel Holten er no like fin eller betre enn før rundkasta på NM-runden io Bergen.

Vil på pallen

Joakim Rønnevik (15) frå Vikedal leiar både Vestlandsmesterskapet og den nasjonale i rallycross junior cup.  Då tilbodet kom om køyring under EM-runden var han ikkje i tvil.
-Det løpet ,måtte me berre køyre, seier han kontant, og tidleg torsdag morgon set han og teamet seg bussen for å nå køyringa fredag og laurdag.
-Me køyrer såkalla Supportrace, som ei oppvarming til sjølve EM-runden, forklarar Joakim, som så langt har to sigrar og ein tredjeplass rallycross junior cup.
-Det er dei seks beste cupen samanlagt som er invitert, og eg har ei mål om å greie ein plass på pallen, då vil eg vere nøgd, seier han.
 


Joakim Rønnevik leiar rallycross junior cup med sin VW Golf.


Var ikkje i tvil
Geir Harald Skeie (27) frå Sandeid vart overraska då han nyleg fekk telefon frå Norges Bilsportforbund med tilbod om å køyre EM-runden på Lånke i supportklassen Store Supernasjonal. 
-I utgangspunktet var det ti norske, fem svenske og fem finske som var invitert. No viser det seg at svenskane og finnane ikkje stiller, seier Geir Harald, som er usikker på kor høgt han kan kome resultatmessig.
-Som Joakim var eg ikkje i tvil om eg skulle delta, for dette blir stort. På papiret er ikkje bilen min god nok for ein A-finale, men under den første NM-runden i Bergen greidde eg ei tredje og ei femtetid så det er berre å gi gass.



Geir Harald Skeie stiller i sin raude Volvo 940 på EM-runden på Lånkebanen.