Klart for finalen

Etter bakkeløpet på Klepp er det no klart for finalane i Vestlandsmesterskapet i rallycross og bilcross på Vikedal Motorbane.

Først ut er rallycrossen som køyrer sine finalar på laurdag. Etter den nest siste runden i allycross på Klepp, er det klart at NMK Vikedal-førarane Gøran Spartveit, Johannes Holten Leifsen og Geir Harald Skeie alt er vestlandsmeistrar i sine klasser. Dei leiar med så mange poeng at ingen kan hente dei inn. Geir Harald har likevel eit klart mål for løpet i Vikedal.
-Målet er å avslutte med seier på Vikedal Motorbane, seier Geir Harald, som no føler at han kan køyre utan press på heimebane.
-Stemmer det, no blir det heilt klart fokus på køyringa og løpssigeren.


Volvo 940'en til Geir Harald har vist seg å fungera veldig bra denne sesongen

At Ingvar Auestad sikrar seg sølvet i Free For All bak Skeie ser også ut til å vere avgjort, men til helga er også han lysten på ein løpsseier.
-Har planar om å gi litt ekstra for å kome på toppen til helga, det hadde vore moro, seier han.


Geir Harald Skeie (t.v.) er klar som vinnar og Ingvar Auestad er nesten klar på andreplass i Free for All

Kampen om bronsen og den siste pallplassen, blir nok det største spenningsmomentet under finalen i denne klasse. NMK Bergen-føraren Michael Seilen henta inn to poeng på Ove Skårland NMK Egersund under bakkeløpet på Klepp, og er no fire poeng bak.
-Eg kjem til Vikedal, og skal gi alt for å kapre den siste pallplassen.
Det er no også klart at Håkon Gjesdal Nilsen stiller i klassen Free For All med ein Super Car.
-Ja, det er den gamle Volvo S40'en til Frode Holte eg køyrer med i Vikedal, seier Gjesdal Nilsen som vart nummer to med bilen på Klepp.


Etter ein overraskande siger under den nest siste runden på Klepp er Johannes Holten Leifsen alt meister i rallycross nasjonal.

I rallycross nasjonalklassen er altså Johannes Holten Leifsen alt meister, men også han køyrer vil avslutte med stil
-Satsar på å kome på pallen. Bilen skal vere i orden, men var borti ein kantstein på Klepp og får ta ein kontroll av hjulstillinga for å sjekke at alt er som det skal.
Stein Erling Tjelta ligg på andre plass, med Lars Reidar Frøyland på plassen bak, og kampen om sølv og bronse vil stå mellom desse.

Rallycross junior
I rallycross junior er det NMK Vikedal-føraren Joakim Rønnevik (bilde t.h.) og Bendik Nilsen som er i leiing. Joakim har åtte poeng å gå på før finalen, og målet hans for løpshelga er å dra i land Vestlandsmesterskapet.
-Eg må dårlegast bli nummer to om det skal gå, seier han.

Avgjort i bilcross junior
I bilcross har Gøran Spartveit frå NMK Vikedal allereie sikra seg tittelen i meisterskapen fordi han leiar med så mange poeng at ingen kan ta han igjen. Sidan han no er blitt 18 år, klassar han opp og stiller i seniorklassa i finalen. Likevel kan det bli kamp om andre og tredjeplassen. NMK Bergen-føraren Atle Teigland ligg på andre plass og har seks poeng å gå på til Tomas Nonslid, NMK Vikedal, som ligg på tredje. Også Sindre Vikedal kan med maksimal utteljing i finaleløpet blande seg inn i medaljekampen.

Spanande i bilcross
I seniorklassane i bilcross har NMK Vikedal-førarane Joakim Bruland og Knut Endre F. Ringhagen fylgt kvarandre som skyggar gjennom sesongen. Før finalen er det Joakim Bruland som har overtaket.
-Leiar med fire poeng, men i realiteten er leiinga større fordi eit løp skal strykast til slutt, seier Joakim, som likevel er nøktern til det som skal skje i helga.
-Om Knut Endre vinn har eg rekna ut at eg må ha ein niande plass i løpet, men alt kan skje, og i juni var eg uheldig og fekk berre ein 13. plass i Vikedal.
Likevel er han optimist og bilen er klar.
-Eigentleg blei bilen seld sist det var løp i Vikedal, men han som kjøpte den var grei med meg og let meg kjøra med bilen ut sesongen, forklarar Joakim, som etter eit år i bilcross no satsar på rallycross igjen.
-Ja då blir det tilbake til NSU`n og rallycross i Vestlandsmesterskapet.
Knut Endre F. Ringhagen var på Klepp sist helg og gjekk til topps i bilcrossklassen der, som likevel ikkje var teljande i Vestlandsmesterskapet.


Joakim Bruland (t.v,) og Gøran Spartveit vann første runden i Vestlandsmesterskapet i april. No er Gøran mester i bilcross junior medan Joakim leiar seniorklassen

Også dameklasse
NMK Vikedal inviterer også til eigen dameklasse denne gongen. Denne blir køyrt saman med rallycrossen på laurdag, og så langt er åtte førarar påmeldt her.