Best i vest

 

Joakim Rønnevik, Lars Reidar Frøyland og Geir Harald Skeie, alle frå NMK Vikedal, er på toppen i Vestlandsmesterskapet etter første runde.

 

Geir Harald Skeie (t.v), Joakim Rønnevik og Lars Reidar Frøyland, alle frå NMK Vikedal, er på topp i Vestlandsmesterskapet etter første runde. 

 

Lars Reidar Frøyland var verkeleg tilbake på Vikedal Motorbane på laurdag, etter at det blei mykje problem i fjorårsesongen. Til slutt gjekk han til topps i rallycross nasjonal inntil 2400 kubikk.

-Er veldig godt fornøgd med både kjøringa og bilen, seier Lars Reidar, som dei siste par åra har bygd opp både nytt karosseri og motor.

-Andre løpet med motoren, og totalt sett er dette eit rimeleg prosjekt og då er det skikkeleg moro å gå heilt til topps.

No blir det Norgescup og NMK Vikedal Cup.

-Planen min er å køyre full Norgescup i år og løpa her på Vikedal Motorbane, så får eg sjå om det blir noko meir i Vestlandsmesterskapet òg.

Johannes Holten Leifsen, NMK Vikedal, og Stein Erling Tjelta, NMK Egersund, kom på dei neste plassane.

 

Skeie på topp

I største klassen i Vestlandsmesterskapet, som består av bilar frå supernasjonal og rallycross nasjonal, var Bjørn Magne Moland Enge suveren i dei innleiande omgangane, og leia også finalen før han måtte stoppe.

-Fekk problem med forstillinga, var hans kommentar til dette.

Dermed var det duka for Geir Harald Skeie, som i år stiller med ein Volvo 940.

-Meiner det skal gå an å køyre fort med bilen, og i dag syns eg det gjekk veldig bra.

Etter kvart er det også planen å få inn ein større motor i Volvoen.

-Står ein 2.7 liters 16v i bilen no, men motoren som eg hadde i Volvo S40-en skal på plass etterkvart.

Til helga stiller han i store super under NM-opninga i Bergen.

-I utgangspunktet føler eg at eg stiller med blanke ark med denne bilen, og målet er å få køyrt finale.

Ørjan Strand Eikeland og Ingvar Auestad, begge NMK Vikedal, kom på dei neste plassane i klassen.

I rallycross junior var det to deltakarar, Bendik Nilsen og Joakim Rønnevik, begge frå NMK Vikedal. Joakim Rønnevik vann alle tre omgangane.

-Bra bane, og eg klarte betre tida mi frå første til andre omgang med to sekund, og det er eg veldig godt nøgd med, seier Joakim, som saman med Bendik Nilsen set kursen mot Bergen og NM-opninga til helga. Der blir det hardare konkurranse.

-Det blir spanande, og det hadde vore kjekt og fått køyrd A-finale.