Best i bilcross

Etter ein våt dag på Vikedal Motorbane kunne Gøran Spartveit og Joakim Bruland utropast til vestlandsmeisterar i bilcross.


I juniorklassen var det Thomas Nonslid, NMK Vikedal  og Anders Hjelmås, NMK Bergen som kom på plassane bak Gøran Spartveit. Sidan Gøran alt hadde vunne juniorklassen før finaleløpet, valde han å køyre i seniorklassen under finalen.

-Det blei glatt og vanskeleg i dag og eg hadde ikkje fleire  poeng enn til ein D-finale, og til slutt ein 18. plass i seniorklassen, seier Gøran, som likevel ikkje syns at det var særleg ulikt å køyre blant seniorane.
For han har målet denne sesongen vore å bli Vestlandsmester i juniorklassen.
-Det var målet og det greidde eg,  og er eg veldig godt nøgd med det.

Til neste år kjem han til å halde fram i bilcross, men trur ikkje han kan gjenta suksessen der.
-Tar det litt roleg i høve til det, og satsar å ta stega vidare i den klassen gradvis.

Anders Hjelmås vann løpet i juniorklassen, føre NMK Vikedal-førarane Sondre Hundseid Eikeland og Håkon Tveit.

Anders Hjelmås, NMK Bergen, vann bilcross jr. med sin Opel Astra.

 

Over i rallycross
For Joakim Bruland blei det kamp heilt til finalane, før han var sikker på at han var mester.
-Hadde litt å gå på, men då eg vart trekt inn i A-finalen, etter at me var fleire på same poengsum, var det avgjort, seier han, som til slutt slo Knut Endre Ringhagen med 15 poeng.
I A-finalen kom ikkje Joakim heilt til mål.
-Hadde eigentleg godt feste og hang godt med i feltet, men til slutt stoppa vindusviskararen og då såg eg ingenting, og køyrde av banen, forklarar han, som no gir seg med bilcross.
-Syns det blir ganske dyrt, og på dei sju løpa som eg har køyrt i år har eg brukt rundt 20.000 i budgebyr, er mellom alle forklaringa på at han går over til rallycross neste år.
-Då blir det NSU igjen og Vestlandsmesterskapet i den.
Per Gaute Østbø, NMK Vikedal vann finaleløpet i Vestlandsmesterskapet, føre Karl Helland NAF Gjesdal og Jon Bjarte Aarekol, NMK Vikedal.

Per-Gaute Østbø, til høgre, vann finaleløpet i Vestlandsmesterskapet i sin velbrukte Opel Ascona.