Klart for Todagarscrossen

 

Det er klart for den årlege Todagarscrossen på Vikedal Motorbane til helga. 75 førar er påmelde i bilcross og rallycross.

 

Joakim Bruland (t.v) og Gøran Spartveit vann alt i det første løpet i år på Vikedal Motorbane.

I bilcross er løpet tredje runde i Vestlandsmesterskapet i bilcross, og både i senior og junior har førarane frå NMK Vikedal kome godt i gong. Joakim Bruland har vunne begge dei to første rundane i bilcrossklassen, medan Gøran Spartveit har ein andreplass og ein siger etter to rundar. No er han klar for nytt løp på heimebane.
-No er det berre litt flikking så er eg klar igjen, seier han, som tok ei suveren siger på Vikedal Motorbane i april, der han vann alle innleiande og A-finalen.
-Målet mitt er å vera høgt oppe på lista. No har eg ikkje kjørt løp sidan april og eg gler meg skikkeleg til løpet i helga.
NMK Vikedal-førarane Håkon Tveit og Tomas Nonslid er dei neste i samandraget frå arrangørklubben, og ligg på fjerde og sjuande plass samanlagt.
Joakim Bruland har dei siste to-tre sesongane satsa på rallycross, i år er det bilcross som tel.
-Har vel planar om å kome tilbake i rallycross, men denne sesongen konsentrerer eg meg om bilcross, og målet er å vinne Vestlandsmesterskapet i klassen.
-Todagarsløpet på Vikedal Motorbane i juni syns eg er høgdepunktet i året, og sist eg køyrde løpet, kom eg på tredjeplass etter at eg køyrde meg opp frå C-finalen, seier Joakim, som òg hadde eit solid løp på banen i april med siger i alle dei innleiande og finalen. -Fekk problem med støytdemparane sist, no er det bytta ut og bilen sjekka opp, så dette skal bli moro.
Knut Endre Fønnebø Ringhagen frå NMK Vikedal ligg på andre plass, medan Tor Egil Mæland frå arrangørklubben held sjetteplassen i bilcrossklassen.


Gøran Spartveit i sin Taunus vann BC junior i Vikedal 1. mai.

NMK Vikedal Cup
Rallycrosskøyrarane må vente til 19. juni før dei får køyrt neste runde i Vestlandsmesterskapet, då nytt løp ventar på Eikås Motorsenter i Bergen. Løpet til helga er likevel andre runde i NMK Vikedal cup, som for rallycrossen i år går over tre rundar. Første runde gjekk i april, medan finalen går på Vikedal Motorbane 28. august. Førarane i NMK Vikedal har kome godt i gong i begge klassar, og i klassen under 2400 kubikk er det Lars Reidar Frøyland som leiar føre Johannes Holten Leifsen. Lars Reidar satsar på Norgescupen og NMK Vikedal Cup i år.
-Fekk ein pangstart i NMK Vikedal Cup april, seier Lars Reidar.
No har han saman med Johannes Holten Leifsen fått med seg to rundar i Norgescupen, ligg på ein 11. plass i samandraget, medan Johannes er nummer 15. Under den siste runden i Trøndelag var det Johannes som kom høgast opp og fekk køyrd finale. No vil han til topps på heimebane.
-Skal eg greie det må det bli tørt, seier Johannes, som har planar om å gjere nokre justeringar før stemnet.
-Me skal gå over bilen på fredag og sjå om den kan bli endå betre,
Lars Reidar Frøyland har tenkt i bite frå seg.
-Bilen er klar etter Norgescup-runden i Trøndelag, og planen er å gi Johannes kamp og gå for ein ny siger.

Lars Reidar Frøyland satsar på å kjempa i teten.
 

Vil vere i toppen

I store klassen var det NMK Vikedal som la beslag på pallen under første runde og Geir Harald Skeie leiar NMK Vikedal Cup føre Ørjan Strand Eikeland og Ingvar Auestad Klassen består av bilar for store nasjonal, men er også open for bilar frå supernasjonal. Ørjan Strand Eikeland køyrer ikkje løpet i Vikedal, medan Skeie og Auestad er på plass. Ingvar Auestad har planar om å vere med i toppen også denne gongen.
-Det er Vestlandsmesterskapet eg satsar på i år og skal til Bergen og den andre runden neste helg, seier Ingvar, som tar løpet i Vikedal litt som eit testløp.
-Kjem til å prøve ut litt andre hjul og dekk i helga, som ei førebuing til Eikås


Geir Harald Skeie ( t.v.), Joakim Rønnevik og Lars Reidar Frøyland vann i rallycrossen på Vikedal Motorbane i april og leiar i Vestlandsmesterskapet.