Fint
Motormarked
Tekst/foto: Sivert Ole Holten, holtenmedia
Rama var den beste då NMK Vikedal arrangerte motormarked på
Vikedal Motorbane på laurdag. Eit trettitals utstilte bilar i
depot, saman med ulike aktivitetar rundt motorbanen, gav
publikum høve til å oppleve bil og motor på mange vis. Det er
andre året på rad at NMK Vikedal no arrangerer motormarked på
Vikedal Motorbane, eit område som etter leiaren i klubben
Steinar Høyvik si meining, høver godt for eit slikt
arrangement. - Ja, på ein slik dag kan me nytte depoet vårt
til utstilling av bilar, medan baneområdet kan nyttast til
demonstrasjonar av ulike motorsportsaktivitetar.
Motocrossaktiviteten er aukande i klubben. Her er det kamp om
plasseringa i motocrossløypa.
Slik var det på laurdag, og medan dei mest bilinteresserte
kunne slå av ein bilprat i depotet, kunne andre leige seg ein
bilcrossbil å ta nokre rundar rundt bilcrossbanen. I tillegg
var det oppvisning av både trial, motocross, radiostyrte bilar
og helikopter å få med seg. - Ja det er denne blandinga me
legg opp til gjennom dette arrangementet, seier Steinar Høyvik
som likevel kunne tenkt seg ei større interesse rundt eit slikt
arrangement av dei som driv næring eller klubbdrift innan bil
og motor. - Me veit at interessa for bil og motorsport er stor
på Haugalandet og behovet for å få marknadsført dei ulike
aktivitetane burde vere der. Steinar Høyvik vel likevel å sjå
framover mot neste års arrangement med utgangspunkt i det som
har skjedd dei to siste åra med varme og sol begge gonger.
Haugaland Classic Ford Klubb stilte med med 10-15 biler i
utstillinga.
- Fint vêr betyr heilt klart mykje, og slik me har hatt det dei
to siste åra er eit opplegg med muligheter. Haugaland Classic
Ford Klubb gjorde ein god innsats dette året og stilte med
10-15 bilar, der til og med ein kom heilt frå Bergen i ein Ford
Escort. Til neste år må målet vere å få med oss fleire
merkeklubbar i tillegg til amcar og veteranbilmiljøet, seier
Høyvik som kunne konstatere at den avsluttande
Blårøykfestivalen i år som i fjor var ein publikumsgodbit.
Alf Magne Sørensen i BMW M3 gjekk til topps i
Blårøykfestivalen.
|