Årets første trening:

Uttaket til NMK Vikedal bilcross junior team er klart

Det vart Stian Tysnes, Ørjan Vikedal, Knut Endre Fønnebø Ringhagen, Stian Lilleskog, Aleksander Skeie og Per Inge Sandvik som kvalifiserte seg til NMK Vikedal sitt 6-bilar store BC jr. team. Desse får fri transport med ein lastebil frå Ølen Betong til 1. runde i Værsting cup på Eikås Motorsenter i Bergen palmelaurdag og til 3. runde i Bergen 9. august. Dei andre vert reservar i tilfelle det ikkje passar for nokon av dei kvalifiserte.
       Etter nokre treningsrundar først, vart det kjørt 2 x 1.5 runde på tid der beste tid talde i kvalifiseringa. Det var dei eldste som kjørte raskast i starten, sjølv om Per Inge Sandvik sleit litt med overgongen til bakhjulstrekk. Knut Endre Fønnebø Ringhagen hadde ein liten tur på sida i første forsøket, men lot seg ikkje vippe av pinnen av det. Dessverre var det eit par bilar som ikkje var heilt einige i at dei skulle bidra med sitt beste, men stort sett fungerte dei bra. Debutantene hevda seg betre etter kvart, slik at resultatet vart dette:

Plass

 Navn 1. forsøk 2. forsøk Beste tid
1 Stian Tysnes 1.18.89 1.18.43 1.18.43
2 Ørjan Vikedal 1.19.88 1.19.68 1.19.68
3 Knut Endre F. Ringhagen Stopp 1.22.21 1.22.21
4 Stian Lilleskog 1.25.19 1.24.36 1.24.36
5 Aleksander Skeie 1.25.68 1.29.93 1.25.68
6 Per Inge Sandvik 1.33.33 1.25.69 1.25.69
7 Ole Johannes Stople 1.29.07 Stopp 1.29.07
8 Christian Eikeland 1.29.73 1.29.55 1.29.55
9 Christer Litland Stopp 1.41.61 1.41.61
10 Terje Alvseike Stopp Ikkje start

Her er NMK Vikedal bilcross junior team:


Framme f.v. Johannes H. Leifsen (lagleiar), Ørjan Vikedal, Stian Lilleskog, Christian Eikeland (reserve), Ole Johannes Stople (reserve). Bak. f.v. Stian Tysnes, Aleksander Skeie, Knut Endre Fønnebø Ringhagen og Christer Litland (reserve).
Per Inge Sandvik og Terje Alvseike (reserve) var ikkje tilstades då bildet vart tatt.

Svein Bjarte Holten og Johannes H. Leifsen orienterer førerane før start

Debutanten Christian Eikeland i sin Volvo

Debutanten Aleksander Skeie i Opel Kadett


Spente juniorar før start. I fremre rekkje står f.v. Christian Eikeland, Stian Lilleskog og Ørjan Vikedal. Bak f.v. ser vi Per Inge Sandvik (nyrigga raud/kvit Volvo) og Aleksander Skeie (blå/oransje Kadett).


Øyvind Eikeland testa si nye Rallycross nasjonal boble før sesongstart som blir neste helg på Klepp. Etter at han fekk opna ei tett bensindyse, gjekk ho som forventa.