Værstingcup 2003

Såg avgjerda i speilet
Tekst/foto: Sivert Ole Holten, holtenmedia

Ikkje uventa var det i bilcross juniorklassen at spenninga var størst då NMK Vikedal arrangerte finalen i Værstingcup 2003 på søndag. Då Morten Lavik gjekk på taket i finalen var det Ørjan H. Vikedal som kunne utropast til vinnar i cupen for juniorane. Bjørn-Arve Hjelmås frå NMK Bergen vann seniorklassen samanlagt.


Bjørn-Arve Hjelmås (t.v.) og Ørjan H. Vikedal er årets vinnarar i Værstingcup 2003.

For Ørjan H. Vikedal starta det ikkje særleg godt på Vikedal Motorbane denne dagen, då mykje stod på spel i Værstingcupen der han lag sju poeng bak leiaren Morten Lavik frå Bergen. For etter at han køyrde inn til siger og 10 poeng i første omgang vart med meir klabb og babb i andre og tredje. - Ja, eg fekk både ei punktering og problem med styringa slik at det heile såg skikkeleg svart då eg skulle ta opp kampen mot Morten Lavik, forklarar Vikedal som likevel skulle få det betre til mot slutten av dagen. - Eg hadde ikkje meir poeng til slutt enn at det rakk til eit femte spor i B-finalen, men eg fekk ein god start der og tok meg inn til siger og sikra meg dermed plass i A. I tillegg til Vikedal var både Per Inge Sandvik, Stian Tysnes, og Morten Lavik, alt kvalifisert seg til den gjevaste finalen, men då starten gjekk var det igjen Ørjan H. Vikedal som hadde mest kontroll over nervene og stakk til tet føre Morten Lavik. Likevel var ikkje dette nok til at Ørjan H. Vikedal kunne overta samanlagtsigeren frå Lavik, før det utrulege skjedde. - Ja, eg var mest innstilt på å sikre løpssigeren og andreplass samanlagt då eg i neste siste sving såg at Lavik sin bil gjekk rundt på taket og skjøna at no hadde eg også berga samanlagtsigeren, forklarar ein glad Ørjan H. Vikedal etter at pokalar og diplom er henta for innsatsen. Etter tre år i bilcross junior og rundt 20 løp i Vikedal og Bergen er dette hans største siger, og han kan sjå tilbake på ein fin sesong. - I år har eg fått vore med på NMK Vikedal sitt klubblag, og klubben har ordna med frakt av bilen til dei to rundane i Bergen. Eit fin tiltak som eg håper NMK Vikedal held fram med vidare. Etter finalen i NMK Vikedal Cup i oktober er han likevel ikkje sikker på kva det blir til vidare med bilsporten. - Eg bestemmer meg i løpet av vinteren, så får me sjå kva det blir til når våren kjem. Den annonserte kampen om tredjeplassen samanlagt mellom NMK Vikedal førerane Stian Tysnes og Per Inge Sandvik vart det ingenting av, sjølv om begge køyrde godt og var på plass i A-finalen. Sandvik fekk ei punktering tidleg i finalen og sjølv om han sleit seg til mål, kunne han ikkje hamle opp med Tysnes som vart nummer to i løpet og tre samanlagt.

Dramatikk. Gjennom sladrespeilet kunne Ørjan H. Vikedal konstatere at verste konkurrent i samandraget Morten Lavik går på taket i nest siste sving.

Overraska
Glenn Olav Lothe frå Ølen har så langt i sin treårige bilcrosskarriere aldri blitt betre enn nummer åtte. Etter fire strake heatsigrar på søndag trudde Glenn Olav nesten ikkje at det var sant at han hadde gått heilt til topps i eit bilcrossløp. - Dette gjekk over all forventning, og sjølv om eg var skikkeleg nervøs både før og under finalen greidde eg å halde konsentrasjonen til mål, seier Lothe som var svært fornøgd med Asconaen som han sjølv bygde opp i løpet av sist vinter. - Ja, eg har skrudd saman bilen sjølv, og sidan alt stort sett er originalt føler eg at dette er ein bil som fungerer. Det gjorde den i alle fall i dag. Samanlagt kunne ikkje Lothe gjere noko med dei beste og heller ikkje dei andre frå NMK Vikedal hamna på pallen samanlagt. Per Gaute Østbø var beste førar frå klubben med ein femte plass. Vinnar av Værstingcup 2003 for seniorane vart Bjørn-Arve Hjelmås frå Hylkje Rasarlag og NMK Bergen. Sjølv om Hjelmås ikkje har gått til topps i nokon av dei fire Værstingcup-rundane har han vore ein trufast poengsankar. - Kjempefint tiltak dette, og då ikkje alle dei beste i samandraget stilte opp i dag forstod eg at eg hadde muligheten. Og det er jo kjempeartig å stå på toppen av seierspallen.

Tommelen opp for NMK Vikedal førarane Ørjan H. Vikedal (t.v.) og Gjenn Olav Lothe som gjekk til topp i kvar sin klasse i bilcross.

Resultater og samanlagt stillinga i cupane:
Resultata frå bilcross


Stillinga i Værsting cup (BC junior og senior)
Stillinga i NMK Vikedal cup (BC junior og Rallycross nasjonal)