1. runde i Værsting cup:

Ørjan Vikedal vann BC jr. og Geir Harald Skeie nr. 4 i senior

Etter litt problemer med påmeldingane enda Team BC jr. NMK Vikedal opp med 5 deltakerar i Bergen i helga. Det var Knut Endre F. Ringhagen (svart/oransje Sierra på bildet under), Ørjan Vikedal (raud/kvit Sierra), Per Inge Sandvik (raud/kvit Volvo), Stian Tysnes (svart/lilla Sierra) og Stian Lilleskog (gul/raud Escort). I tillegg deltok Geir Harald Skeie (blå/gul Peugeot t.v. på bildet), Per-Gaute Østbø (gul Skoda t.h. i bildet) og Tom-Jøran Johnsen (Fiat Abarth utanfor bildet). I rallycross nasjonal debuterte Jostein Hannisdal frå Osterøy, som er medlem i NMK Vikedal, i ein strøken Volvo PV.
 

Tom-Jøran Johnsen var uheldig og starta i det første heatet i bilcross. Banen var då ikkje vatna, noko som gav store støv- og siktproblem for dei som låg bak. I depotsvingen havna han oppå kurbsen før han såg den, og velta rundt og opp på sida igjen. I eit av dei seinare heata kjørte Geir Harald Skeie inn til seier, medan Per-Gaute Østbø vart nr. 5 etter at Skodaen ikkje ville gå reint. Det vart forsøkt med nokre andre tennpluggar (Bosch) utan at det hjalp, men når han fekk låne ein gammal Denso-plugg av ein konkurrent gjekk motoreren nesten slik den skal. Men då var 2. omgong kjørt.
         I junior klassen var Stian Lilleskog først ute. I debut-løpet sitt var det nok litt sommarfuglar i magen, og etter ei snurring vart det 4. plass i det heatet. Ørjan H. Vikedal hadde og ein liten snurr i sitt heat, men berga i land 2. plassen. I siste heatet var det 3 frå NMK Vikedal. Per Inge Sandvik tok starten framfor den andre debutanten, Knut Endre F. Ringhagen. Stian Tysnes var overraskande nede på 3. plass. Litt ut i heatet smatt Knut Endre forbi Per Inge, samstundes som også Stian måtte sleppe ein forbi seg. Dermed vann Knut Endre framfor Per Inge med Stian Tysnes på 4. plass. Etterpå viste det seg at Stian hadde litt for lite luft i dekka, slik at det kom grus mellom dekket og felgen og enno meir luft lek ut.
         Tom-Jøran hadde fått fiksa Fiaten slik at den var klar til andre omgong, men alt var tydelegvis ikkje i orden. Etter ein halv runde måtte han gi seg etter at panseret tok nedi batteripolane slik at gnistspruten stod. Geir Harald kjørte framleis godt og klarte no ein 2. plass. Stian Lilleskog gjorde det også betre og vart nr. 3 i sitt heat. Ørjan og Knut Endre var i same heat, og der vart det Ørjan som trakk det lengste strået og vann framfor Knut Endre. Per Inge fekk verkeleg til startane i sin Volvo, og tok Stian Tysnes i starten og slapp han aldri forbi.
         I 3. omgang sikra Geir Harald seg ein ny heat-seier. Tom-Jøran sin Fiat gjekk ikkje skikkeleg etter rundvelten, medan Per Gaute vart nr. 2 etter at Skodaen gjekk noko betre med lånt plugg. Etter ein snurring i første omgang fortsette Ørjan å kjøra sikkert og godt og vann sitt heat "enkelt".


Ørjan Vikedal i tet i 3. omgong

Så kom det som seinare vart friskt diskutert i depotet. Det er nye reglar i år slik at starten går når det raude lyset vert slått av. I dette heatet var det litt uroligheter på start før mannen med 30 sek. skiltet har gått over banen. Starten vert avbrutt og startaren slår av det raude lyset. Knut Endre og ein annan førar trur dermed starten går og kjører i veg. Den andre deltakaren er visstnok og nokså nærme mannen med 30 sek. skiltet. Dei kjører ein runde før dei blir stilt opp på start igjen og heatet vert kjørt. Knut Endre tek starten framfor Per Inge, men må etterkvart sleppa Per Inge forbi seg og stillinga held seg til mål. Etterpå vert dei to som tjuvstarta diska for denne episoden, noko som dei fleste meinte var urimeleg ettersom førerane jo var konsentrert om lyset og kjørte når lyset vart slått av. Etterpå endra startaren rutinane sine, og gav klare teikn til førerane at starten var avbrutt før han slo av lyset og starta startprosedyren på nytt. Dermed gjekk Knut Endre glipp av plassen i A-finalen som han hadde fortjent etter strålande kjøring i debutløpet.


Per Inge Sandvik i tet framfor Knut Endre F. Ringhagen i 3. omgong

I det siste heatet i 3. omgong tok Stian Tysnes starten med Stian Lilleskog på 3 .plass. Etter ein runde vart Stian Tysnes forbikjørt, noko som han likte så lite at han skulle ta igjen alt i ein sving. Dermed gjekk han rett ut i autovernet og fall ned til 4. plass. Stian Lilleskog sikra seg 2. plass.

Finalane
Stian Tysnes og Stian Lilleskog var våre deltakerar i B-finalen for junior. Stian Tysnes tok starten framfor Stian Lilleskog, og når ingen av dei gjorde nokon feil heldt stillinga seg slik til mål. I A-finalen var svært jamnt og tett ut frå start. Det var Ørjan som kom først fram til svingen framfor Stian Tysnes og Morten Lavik frå NMK Bergen i VW Golf. Per Inge var også lenge med heilt i teten, men framfor dommartårnet hoppa coil-ledningen av og dermed var han ute av dansen.

Ørjan kjem litt langt ut og Stian smett forbi på innsida

Etter 2 rundar kjem Ørjan litt langt ut i depotsvingen, og Stian smett forbi på innsida. Men ein liten runde seinare er det Stian som gjer ein liten feil og må sleppe Ørjan forbi seg. Litt seinare må Stian og sleppe Morten Lavik forbi seg, og denne stillinga heldt seg til mål. Dermed vart det første seier til Ørjan H. Vikedal, framfor Morten Lavik og Stian Tysnes. Per Inge Sandvik vart nr. 6 og Stian Lilleskog nr. 7.

Ørjan Vikedal framfor Morten Lavik, NMK Bergen, og Stian Tysnes noko som og vart stillinga i mål

Det var i A-finalen for senior at den store dramatikken skulle oppstå. Finn Endre Skår i boble (den einaste i A-finalen) tok teten ut frå start, med Per Arne Blindheim i Opel og Geir Harald Skeie like bak. Han opparbeide seg litt avstand til dei bak, der det var 4 bilar som slåss om 2. plassen. Etter ein dryg runde er Geir Harald oppe på sida av Blindheim, men Sigbjørn Hannisdal nyttar sjansen og kjem også tett oppi dei. Dermed vert det ein kjempesmell i svingen, og Geir Harald vert ein av dei  tapande partane. Det var ikkje mange flate platebitane igjen på Peugeoten etter samanstøtet med ein Kadett og ein PV.


Eit uskarpt bilde av ein maltraktert Peugeot på 4. plass bak Harald Roger Tuft

Han kjem seg likevel vidare, og slåst til siste meter om pallplassen, men må ta til takke med 4. plass. Finn Endre Skår vinn, framfor Sigbjørn Hannisdal og Harald Roger Tuft.

I rallycross nasjonal vart Jostein Hannisdal nr. 10 etter at motoren ikkje gjekk heilt skikkeleg i dei siste heata.

Oppsummering
Lagleiar Johannes H. Leifsen var godt nøgd med resultata i bilcross jr. Dei sjølve var også svært tilfredse med resultata og ser fram til neste løp i Vikedal om 14 dagar.

F.v. Per Inge Sandvik (blå kjøredress), Stian Tysnes, Ørjan Vikedal (blå caps), Stian Lilleskog (bak) og Geir Harald Skeie (framme) saman med nokre supporterar.