2-dagars bilcross

Topp bilcross i Vikedal
Tekst/foto: Sivert Ole Holten, holtenmedia

Det vart vist mykje fin bilcross på Vikedal Motorbane i helga då NMK Vikedal arrangerte todagars bilcross laurdag og søndag. NMK Bergen førarane Morten Lavik og Kjell Askeland gjekk til topps i dei to bilcrossklassane, medan NMK Vikedal og Rune Lutsi tok heim sigeren i rallycross nasjonal.

Glade vinnarar, Morten Lavik i bilcross junior, Kjell Askeland i bilcross og Rune Lutsi i rallycross nasjonal.

Med over 50 førarar i blicross senior og nesten 30 i bilcross junior blei det mange heatoppgjer for dei som likar bilcross, og det er lenge sidan det har blitt vist så mykje dramatikk og frisk køyring som det vart under desse to dagane. I seniorklassen var det nok førarane frå Bergen som dominerte, og heile ni av dei som fekk plass blant dei 16 i finalane kom frå NMK Bergen. Likevel, Nils Martin Hovland frå NMK Vikedal køyrde inn til ei plassering betre enn han noko gong har hatt tidlegare. - Ja, andre plassen her i dag er det beste eg har hatt nokon gong, sa han etter løpet og måtte innrømme at det gjekk litt hardt for seg i finalen. -Det gjekk verst ut over Gisle Morten Hetland som eg skar opp dekket til då eg skulle ta meg forbi han. Det var nettopp NAF Gjesdal føraren Gisle Morten Hetland som hadde det beste utgangspunktet før finalane og pole position i A-finalen. I finalen blei det likevel ikkje like enkelt, og det skulle bli NMK Bergen føraren Kjell Askeland som kom best i gong, ein førar som ikkje hadde forventningar til dette i det heile. - Nei i tredje omgang og i finalen hadde eg berre første og andre gir og at dette skulle halde inn til seier hadde eg ikkje trudd, sa ein svært glad Kjell Askeland som også ser positivt på at det no er fleire bilmerker enn berre bobler som hevder seg i bilcross. - Når det blir slik som det har vore her i helga blir det meir moro for publikum, sjølv om det nok blir litt meir klabb og babb og reparasjonar for oss som køyrer.

Kjell Askeland har sikra seg leiinga, Gisle Morten Hetland og Nils Martin Hovland kjempar om andre plassen medan Per Gaute Østbø kjem lenger bak.

Lavik i leiinga
I bilcross junior var dei fleste av favorittane på plass i A-finalen, og både Ørjan H. Vikedal, Johan André Øverland og Stian Tysnes hadde høve til å sikre sine posisjonar i Værsting- og NMK Vikedal Cup. Likevel vart også dei lurt av ein bergansar. Morten Lavik hadde vist solid køyring i dei innleiande omgangane og sjølv om det var Stian Tysnes som kom først gjennom første sving, gjekk det ikkje lenge for Morten Lavik tok seg forbi og kunne køyre inn til seier med Stian Tysnes på ein andre plass. Morten Lavik er inne i sin tredje og siste sesong i bilcross junior og har hatt suksess i det siste. - På dei fire siste løpa har det blitt tre første og ein andre plass, og no lovar han at det blir vidare satsing i Værstingcup fram mot finalen på Vikedal Motorbane i august. Bak Morten Lavik var det bare NMK Vikedal førarar i finalen. I tillegg til Stian Tysnes vart Aleksander Skeie nummer tre, Ørjan H. Vikedal nummer fire, Johan Andrè Øverland fem og Roald Johan Saltvedt seks. Johan Andrè Øverland har framleis leiinga i NMK Vikedal Cup etter to rundar, medan Morten Lavik har overtatt i Værstingcup med Ørjan H. Vikedal på andre.

Tett i bilcross junior i A-finalen. Morten Lavik (t.v) vann til slutt, Stian Tysnes vart nummer to medan Roald Johan Saltvedt vart nummer seks.

Lutsi suverén
I rallycross nasjonal blei det seier til Rune Lutsi som køyrer for NMK Vikedal sjølv om han kjem frå Sviland utanfor Sandnes. Lutsi køyrde inn til bestetid i tre av dei fem omgangane og hadde det beste utgangspunktet i finalen, og det var i grunnen ingen tvil om at det var nettopp han som skulle gå til topps også her. - Dette har vore ei fantastisk helg og bobla har fungert probemfritt heile tida og berre slept frå seg nokre få dropar olje. Dermed er Rune Lutsi oppe i leiinga i NMK Vikedal Cup, to poeng føre Ernst Holten Leifsen.


Resultater og samanlagt stillinga i cupane:
Resultata frå bilcross

Resultata frå rallycross nasjonal

Stillinga i NMK Vikedal cup (BC junior og Rallycross nasjonal)
Stillinga i Værsting cup (BC junior og senior)