Vestlandsmesterskapet 2003 Eikeland
igjen Sjølv om det ikkje var planen dukka Øyvind Eikeland likevel
opp i Egersund til den fjerde runden i Vestlandsmesterskapet, og
kjørte inn til sin tredje seier av tre moglege så langt i den
store nasjonalklassen. Ellers vann Pelle Erland som venta
Supernasjonal inntil 2000 kubikk, medan Ernst Roald Lutsi og
Frode Holte vann dei to andre mesterskapsklassene. Dermed gjekk det som frykta for Eivind B. Nevland, som etter
tre seirar så langt på bortebane, endeleg skulle få vise seg
fram for heimepublikummet. Sjølv om det vart ein andre plass
på Egersundgutten, var det tydelig at han ikkje var tilfreds
med det. - Nei, eg fekk ikkje bremsane til skikkeleg og det
fungerte ikkje optimalt under tønnevendingane, var hans
kommentar til dette. Og når det til overmål er tre
tønnevendingar i Egersund vart Nevland til slutt slått av NMK
Konsmo føraren Frode Holte med fire sekunder. Med tida 1.01.83
var også Holte totalraskast i løpet, sjølv om Pelle Erland i
klassen under kom hakk i hel med tiden 1.02.11. At det var vått
og glatt såg ikkje ut til å affisere Konsmo kjøraren. - Alt
fungerte i dag og at det var glatt var jo likt for alle. Sjølv
med sine 20 år har Frode Holte nokre år på nakken i bilsport.
- Eg starta då eg var 15 år og dette er andre sesongen min i
rallycross, sa Holte som dermed har fått testa redskapen og ser
fram mot åpninga av bakkeløps NM som startar i Skien til
helga.
NMK Vikedal i støtet |
|
Resultater bakkeløp i Egersund 4. mai 2003 Rallycross nasjonal over 2400 kubikk Supernasjonal inntil 2000 kubikk Supernasjonal over 2000 kubikk Rallycross nasjonal inntil 2400 kubikk Rallycross nasjonal over 2400 kubikk Supernasjonal inntil 2000 kubikk Supernasjonal over 2000 kubikk |