Finalen i NMK Vikedal cup 2003:

Favorittane sigra
Tekst/foto: Sivert Ole Holten, holtenmedia

Sjølv om favorittane i NMK Vikedal Cup til slutt gjekk til topps på Vikedal Motorbane på søndag var det spenning heilt fram til finalen før Rune Lutsi og Ørjan Vikedal kunne utropast som meistrar for 2003. Etter at dei begge også gjekk heilt til topps i søndagens løp.

Etter å ha vunne Værstingcupen i bilcross junior tidlegare i haust var Ørjan Vikedal også i leiing i NMK Vikedal Cup før søndagens finaleløp på Vikedal Motorbane. I dei første omgangane såg det likevel ikkje ut til at det skulle gå Ørjan sin veg, og han sleit med festet på den glatte banen. - Bilen min er ikkje noko særleg på vått føre, men heldigvis tørka det opp ut over dagen, forklarar Ørjan Vikedal på resultata i dei to første omgangane, der han vart nummer to og tre i sine heat. I tredje omgang var han heldig med trekkinga og frå beste startspor kunne han køyre inn til siger i heatet. Dermed var han klar for A-finalen, og på den etterkvart opptørka banen hadde han full kontroll. - Målet mitt var å ta sigeren i NMK Vikedal Cup i dag, så dette er eg strålande fornøgd med. Etter tre år i bilcross junior er det rallycross nasjonal som no lokkar 18 åringen frå Vikedal. - Ingenting er avgjort om kva eg kjem til å gjere til neste år når det gjeld bilkøyring, men eg har lyst å prøve meg i rallycross. Etter Ørjan Vikedal kom Stian Tysnes og Anders Nytveit på dei neste plassane i NMK Vikedal Cup. NMK Bergen føraren Anders Nytveit vart også nummer to i løpet, medan Karl Hellend NAF Gjesdal vart nummer tre. For Rune Lutsi vart det ny siger i rallycross nasjonal, i eit løp der han også måtte kjempe mot bilar frå den største nasjonalklassen. Lutsi merka trøkket. - Ja, det var tøft i dag og eg var skikkeleg glad då eg greidde å ta meg forbi Volvoen til Ørjan Lutsi i starten. For Rune Lutsi betydde dette også at han gjekk til topps i NMK Vikedal Cup, og tar med seg ein ny triumf i det som har blitt ein sesong med mange løp. - Dette er det 18. løpet eg køyrer i år, og når eg 14 gonger har kome til finale og vunne ni av løpa må eg seie meg godt nøgd. Neste år overlet han bilen til faren Sigmund Lutsi. - Ja, då blir det ein pause for meg og då er det meininga at far skal køyre ein del løp med bilen.


Glade vinnarar av NMK Vikedal Cup 2003. Ørjan Vikedal i bilcross junior og Rune Lutsi i rallycross nasjonal.

Hetland feila
I tillegg til dei to klassane i NMK Vikedal Cup kunne arrangøren også skilte med ein fyldig klasse i bilcross, med over 30 førarar på startstreken. I denne klassen vart det vist mykje frisk køyring og mange fine duellar, som eit stort publikum tydeleg sette pris på. Til A-finalen var det Gisle Morten Hetland som hadde det beste utgangspunktet og som også kom best ut. Det som alle trudde skulle bli ein komfortabel siger til Hetland, blei til tredje plass då han plutseleg snurra. - Sjølv forstod eg ikkje kva som skjedde, men eg tok kanskje for lett på det og slappa for mykje av, var Gisle Morten sin kommentar til dette. Dermed kunne Kjell Rødberg, også han frå NAF Gjesdal, køyre inn til siger, medan tysværbuen og NMK Vikedal-føraren Lars Reidar Frøyland vart nummer to.

 

Resultater Vikedal Motorbane 12. oktober

 

Bilcross junior

 

1

Ørjan H. Vikedal

NMK Vikedal

Ford Sierra

2

Anders Nytveit

NMK Bergen

Ford Sierra

3

Karl Helland

NAF MS Gjesdal

Lada Super

4

Aleksander Skeie

NMK Vikedal

Opel Kadett GSI

5

Stian Tysnes

NMK Vikedal

Ford Sierra

6

Johan Andrè Øverland

NMK Vikedal

Opel Kadet

Bilcross senior

 

1

Kjell Rødberg

NAF MS Gjesdal

Lada 1200 Sport

2

Lars Reidar Frøyland

NMK Vikedal

Higre Bobla

3

Gisle Morten Hetland

NAF MS Gjesdal

VW Kylles Racing

4

Jan Ove Stople

NMK Vikedal

Opel Kadett

5

Martin Tveit

NMK Vikedal

Higre Escort MK II

6

Guttorm Thorsen

NAF MS Gjesdal

Opel Kadett

7

Geir Harald Skeie

NMK Vikedal

Peugeot 205 GTI

Rallycross nasjonal

 

1

Rune Lutsi

NMK Vikedal

VW Kylles Racing

2

Ørjan Lutsi

NAF MS Gjesdal

Volvo 240

3

Nils Arve Helland

NMK Vikedal

Volvo 240 F.R.T

4

Johannes Holten Leifsen

NMK Vikedal

Ford Focus 16V

5

Øyvind Eikeland

NMK Vikedal

VW Boble VR

6

Ernst Holten Leifsen

NMK Vikedal

Ford Escort RS2000

 

 

Sammenlagt NMK Vikedal Cup 2003

 

Bilcross junior

1 Ørjan H. Vikedal                      NMK Vikedal     70

2 Stian Tysnes                          NMK Vikedal     58

3 Anders Nytveit                        NMK Bergen      51

4 Johan Andrè Øverland               NMK Vikedal     50

5 Knut Endre F. Ringhagen         NMK Vikedal     45

6 Morten Lavik                           NMK Bergen      38

 

Rallycross nasjonal

1 Rune Lutsi                              NMK Vikedal     75

2 Nils Arve Helland                     NMK Vikedal     64

3 Ernst Holten Leifsen                NMK Vikedal     53

4 Øyvind Eikeland                      NMK Vikedal     52

5 Frode Fresvik                          NMK Vikedal     41

6 Ernst Roald Lutsi                    NAF Gjesdal      34