Vestlandsmesterskapet: Tøff
kamp om poenga
Tekst/foto: Sivert Ole Holten, holtenmedia
Sjølv om Øyvind Eikeland alt har avgjort at han blir
Vestlandsmester i den største nasjonalklassen, er ingenting
avgjort i dei andre klassane. Knut-Erik Ludvigsen og Morten
Hagen har føringa i supernasjonal, medan Ernst Holten Leifsen
er i tet i minste nasjonal.
Det blei kamp om poenga i Vestlandsmesterskapet då førerane
samla seg til bakke- og rallycrossløp på Vikedal Motorbane i
helga. I den minste supernasjonalklassen vart det som venta ein
kamp mellom Knut-Erik Ludvigsen og Tommy Bakkerud. Ludvigsen kom
best i gong og vant bakkeløpet laurdagen, men med berre fire
hundredeler ned til Tommy Bakkerud. Det same såg ut til å
skulle gjenta seg i rallycrossløpet søndagen, der Ludvigsen
nok ein gang gikk hardt ut og vant første omgong, framfor
nettopp Tommy Bakkerud. Bakkerud svarte med bestetida i andre,
men Ludvigsen sette likevel Bakkerud på plass i same heat i
tredje omgong og sikra seg bestesporet i finalen. Ludvigsen som
framfor finalen håpa at han skulle kunne ta Bakkerud, blei satt
på plass. - Eg må berre innrømme at eg ikkje hadde mulighet i
starten, seier Ludvigsen som er skuffa over dette, men likevel
nøgd med det som skjedde i helga totalt sett. - Det store
målet mitt denne sesongen er å bli Vestlandsmester og
muligheten til dette er fortsatt så absolutt til stades, så
nå er det berre å avgjera det heile i Bergen.
Tommy Bakkerud vant rallycrossløpet, men vart slått av
Ludvigsen i bakkeløpet. Her er han i kamp med Ole-Kristian
Nøttveit, med Svein Bjarte Holten på plassen bak.
I store super hadde Stian Haugan tatt turen over frå Telemark
for å gi vestlandsførerane kamp på Vikedal Motorbane. I vår
var også Haugan på plass i Vikedal, og kjørte då inn til
andre plass i bakkeløpet bak Eivind B. Nevland. Då Haugan
gjennom kvalifiseringa og prefinalen i bakkeløpet hadde kjørt
seg skikkelig inn på traseen og var klar til å ta opp kampen
mot Morten Hagen og Jostein Skjerve som så langt var dei beste,
kom regnet. - Ja, det blei ein skikkeleg nedtur og vi hadde mest
lyst til å forlate Vikedal og reise heim etter dette. Men
Haugan blei til rallycrossløpet søndag og viste at han duger
her og. Det blei bestetider både i første og andre omgong, og
frå pole position hadde han ein kanonstart og var framfor
Jostein Skjerve før første sving. Dette vart også stillinga
over mål - Ja, i dag er eg meir tilfreds og i tillegg til
resultatet har vi fått testa både dekk og innstillingar på
bilen, så nå føler eg at det fungerar, var Stian Haugan sin
kommentar til søndagens oppgjer.
Stian Haugan og Morten Hagen delte broderleg. Haugan vant
rallycrossen, medan Hagen vant bakkeløpet på Vikedal Motorbane.
Morten Hagen var nok den i store super som var mest tilfreds med
det som skjedde i helga, etter seier i laurdagens bakkeløp vart
det nemlig ny pallplassering og tredjeplass i rallycrossen. -
Ja, ein kan ikkje vera misnøgd med ein pallplass frå
femtespor. Nå ser Hagen fram til finalen i Bergen, der han leiar
med ni poeng ned til Kjetil Møn, med Jostein Skjerve på
tredjeplass.
NMK Vikedal dominans
Medan det er bergensdominans i supernasjonal for tida, er
NMK Vikedal i ferd med å gjera reint bord i nasjonal. I minste
nasjonalklassen leiar Ernst Holten Leifsen framfor Rune Lutsi i
samandraget, og i den største klassen har førerane frå helgas
arrangørklubb lagt beslag på dei fem første plassen
sammenlagt.
Etter løpa i helga kunne Øyvind Eikeland utropas til
Vestlandsmester i store nasjonal. Bak skimtar vi Nils Arve
Helland i sin Volvo.
Etter helgas løp kunne Øyvind Eikeland utropas til
Vestlandsmester i store nasjonal, i tillegg til at det og er
klart at Nils Arve Helland blir nummer to. Det var då og desse
to som vant helgas løp på Vikedal Motorbane. Nils Arve Helland
kjørte inn til bestetid i laurdagens bakkeløp, det samme
gjorde Øyvind Eikeland i søndagens rallycross. Det blir
likevel kamp om tredjeplassen samanlagt, der far Ole Vidar
Helland har to poengs leiing på sonen Håvard. - Etter at det gjekk
bra i dei første løpa i vår bestemte eg meg for å kjøra om
en plass på pallen samanlagt, og det står fast, er Ole Vidar
Helland sin kommentar til kva ein har i vente under finalen i
Bergen i oktober. I den minste nasjonalklassen var det Ernst
Holten Leifsen som dominerte under første dag på Vikedal
Motorbane. Han vant bakkeløpet, og det såg ut til at han
skulle nå målet sitt, nemlig å avgjera Vestlandsmesterskapet
på heimebane. Men slik gjekk det ikkje og etter problemer i
innleiande omgongar i søndagens rallycross, vart det full stopp
i B-finalen etter problemer med straumen. - Ja, først stoppet
viftene på radiatoren og da blei motoren så varm at det berre
var å stoppe, sa ein skuffa Ernst Holten Leifsen. Framleis leiar
han Vestlandsmesterskapet i sin klasse og sjølv om den verste
konkurrenten i samandraget, Rune Lutsi, vant søndagens
rallycross og tok innpå.
|