Mestermøte på Konsmo

Holten Leifsen nummer tre
Tekst: Sivert Ole Holten, holtenmedia

Ernst Holten Leifsen vart nummer tre i rallycross nasjonal inntil 2400 kubikk under Mestermøtet til NMK Konsmo i helga. I tillegg køyrde han inn til fjerde i Superfinalen.

For Ernst Holten Leifsen var møtet med banen på Konsmo ei ny oppleving og ei utfordring i seg sjølv. - Ja, det var ein ganske krevande bane og eg følte ikkje at eg kunne den skikkeleg før i finalen. I dei innleiande omgangane laurdag låg Holten Leifsen stabilt på sjettetider, men greidde å køyre seg opp til ein femteplass i siste omgang. - Me sleit både med dekk og ein gassveier som hoppa av under laurdagens omgangar, men det gjekk heldigvis betre i dei to siste omgangane på søndagen, forklarar han og er godt nøgd med at han til slutt vart nummer tre. - Frå femtesporet i finalen køyrde eg meg opp til fjerde plass bak Rune Lutsi, men då han fekk tekniske problem kunne eg ta meg forbi og sikre tredjeplassen. NMK Konsmo-føraren Tom Daniel Tånevik vann klassen, Rune Granlund NMK Aurskog & Høland vart nummer to, medan NMK Vikedal føraren Rune Lutsi til slutt enda på femte plass. Til slutt vart det køyrd Superfinale, der dei beste både under og over 2400 kubikk deltok. Her vart Ernst Holten Leifsen nummer fire i ein finale som vart vunnen av Stein Svardal frå NMK Konsmo.
              I rallycross nasjonal over 2400 vart NMK Vikedal føraren Nils Arve Helland nummer åtte, medan klubbkameraten Geir Harald Skeie kom til D-finalen og vart til slutt nummer 19 i bilcrossklassen. Det var over 60 deltakarar i denne klassen.