Nytt kjøkken/kiosk: Surt
vær, men effektiv dugnad
Første dugnaden for nytt kjøkken og kiosk
gjekk i svært surt vær med kraftig nedbør frå morgonen av.
Heldigvis letta det noko utover dagen, og det var også ein
periode med god varme lokalt på motorbanen. Arbeidet gjekk
raskt og effektivt, slik at det meste var gjort når maten kom.
Frammøte var brukbart, været tatt i betraktning med 14
arbeidssomme karar på plass. Denne dagen var det desse
som var på plass:
Tom Jøran Johnsen, Alexander S. Eikeland, Christian S. Eikeland,
Ørjan Eikeland, Svein Bjarte Holten, Anton Holten, Bryn
Rønnevik, Joakim Rønnevik, Knut Stølsmark, Per Gaute Østbø,
Sigbjørn Østbø, Svein Erik Østbø, Svein Arne Moland og
Glenn Olav Lothe. I tillegg var Geir Harald Skeie innom med
nokre materialer.
Her ser de litt meir kva som vart gjort dei siste par timane
minutt for minutt:
|