Scandinavian Longdistance Championship

Fin innsats av V & S Volvo Racing på Kinnekulle

Team V & S Volvo Racing, frå Tysvær, kom heim med 2 fjerdeplassar i sin klasse etter eit 3-timars og eit 8-timars løp forrige helg. Teamet, som består av Jarle Velde og brørne Arild, Jon Inge og Gunnar Søvold, kjører ein tilnærma standard Volvo S40 i den minste klassen.
       Både i 3-timars og i 8-timars løpet kjempa dei om 3. plass, men måtte altså ta til takke med 4. plass i begge løpa. I etterkant trur dei det var litt dårlege depot-stopp som gjorde det. På 8-timars løpet vart dei haldne tilbake i depot 2 gonger à 30 sek, den eine gongen for bensinsøl og den andre gongen for for stor fart i depot (fartsgrense på 30 km/t). Det var fleire kontrollantar som stod å målte farten med lasar. I løpet av dei 8 timane klarte dei 358 rundar på Kinnekulle som er 2072 m. lang. Det gir ein snittfart på 92,7 km/t inkl. depotstopp. Totalt vart dei nr. 20 av 32 bilar.
       Bortsett frå depot-stoppa gjekk begge løpa greitt og teamet var godt fornøgd med resultatet. Dei hadde ei fin helg med fint vær og masse kjøring.

Vil du sjå meir av dei, kan du følgja med torsdag 22. mai på Viasat Sport som viser ein reportasje frå løpa. Du kan og lesa meir om langdistanseløpa på www.slc.se


Frå innsjekk fredag. F.v. Jarle Velde, Arild (delvis skjult), Jon Inge og Gunnar Søvold.


Team V & S Volvo Racing i tet framfor ein av dei 2 Porscheane som Team Kowalski disponerer. Porscheane tok dei 2 første plassane i den store klassen.


Det er mange forskjellige bilmerker som deltek i langdistanseløpa i Sverige. Team V & S Volvo Racing ytterst til venstre.