1. runde i Vestlandsmesterskapet:

Skuffande deltaking på Klepp

Det vart tynne startfelt på asfaltløpet på Klepp i helga. Det ser ut til at det vart litt tidleg for mange førerar å kjøra løp før påske. Mange bilar står halvferdige eller ventar på ein motor som har vore til overhaling. Ein som var klar, men som ikkje er det lenger er Mercedesen til Ben Inge Hammer. Under treninga laurdag sa motoren stopp, og meinte at no fekk det vera nok. Dermed vart det ikkje noko løp på han.
I supernasjonal over 2000 ccm var det berre Eivind B. Nevland som stilte til start. Han kjørte i lag med supernasjonal inntil 2000 ccm, der Svein Bjarte Holten stilte med Focus'en, medan Åge Bakkerud stilte med ein lånt Golf og ikkje hadde mulighet til å halda følge med Svein Bjarte. Nils Arve Helland, som einaste deltakar i rallycross nasjonal over 2400 ccm, kjørte og i lag med dei. I den andre nasjonal klassa, inntil 2400 ccm, var det 7 deltakarar, og det var Ernst Harald Holten Leifsen som vann denne klassa. Frode Fresvik deltok i sin Golf, men vår informant hadde ikkje fått med seg resultatet hans.

Vi kjem tilbake med meir informasjon seinare.