Vikedal Motormarked lørdag 28. juni 2003

Laurdag 28. juni vil NMK Vikedal arrangera Vikedal Motormarked. Vi vil laga Motormarkedet etter lesten som vart lagt i fjor med nokre justeringar. Men hovedaktiviteten er som navnet seier MOTORMARKED. Har du noko du vil selja, helst innan bil og motor, fyll opp bilen og tilhengjaren og ta det med til Vikedal Motormarked. Vi håper dette kan bli Vestlandets svar på Ekebergmarkedet. Har du veteranbil, løpsbil, motorsykkel, delebil, felgar, dekk, deler osv. som du vil selja, ta det med og lag deg salgsbod. Vi held plass til deg heilt gratis. I tillegg er vi interesserte i å komma i kontakt med eigarar av spesielle bilar som vil delta i ei utstilling med desse.

Høyrest dette spennande ut og du har noko å bidra med, ta gjerne kontakt med Sivert Ole Holten på mob. tlf. 905 47433 eller via e-post sivert.ole@holtenmedia.no 

 


Overnatting:
Her er ein liten oversikt over plassar der du kan få overnattingsplass i rimeleg nærhet til Vikedal Motorbane dersom du treng det:
I Vikedal:
Skeie Camping                tlf. 52 760134             Hytter
Grimås Camping              tlf. 52 760184             Hytter
Vikedal Camping             tlf. 52 760138             Hytter
Haugen Herberge             tlf. 52 760192             Hytter, rom
Sommerhaven Motel        tlf. 52 760113             Rom
Vikedal Sæter                 tlf. 52 760590             Rom

Ølen (25 km):
Ølen Gjestegård              tlf. 53 766100             Rom