Vestlandsmesterskapet 2003 Fin
åpning på Klepp Det vart eit noko amputert stemne då første runde i Vestlandsmesterskapet blei avvikla på Klepp Kart Ring på søndag. Det som i utgangspunktet såg ut til å bli eit stemne med 30-40 bilar hadde skrumpet ned til i overkant av 20 da startskotet gjekk, men stemnet vart fint avvikla og Eivind B. Nevland viste at han blir ein mann å rekne med i år og. Ein
rekordtidleg start av Vestlandsmesterskapet i år må nok ta
noko av skylda for at deltakinga på løpet ikkje blei den aller
beste, men Gisle Kverneland frå arrangørklubben strålte som
ei sol etter løpet. -
Ja, dette gjekk bra og når eg sjølv greidde å gå til topps i
min klasse blei jo dagen perfekt, var hans kommentar like før
premieutdelinga. Kverneland gikk nemlig til topps i klassen
Special Saloon over 2500 kubikk i sin nyinnkjøpte Audi TT.
-
Ja, med vestlandsmesterskapet, NM-runder og fem EM runder blir
det vel snakk om en 10-15 løp før sesongen er over, seier
Nevland som er fornøyd med løpet på gokartbanen som han vant
utan nemneverdige problem. -
Litt svingete blir det og stort sett akselerasjon og bremsing,
men etter vinteren er jo det kjempefin trening. Nevland
har ikkje gjort all verden med bilen etter fjorårssesongen,
selv om bilen har vore plukka ned og gått over. - Den blei bygd opp framfor fjorårssesongen slik vi ville ha den og vinteren har stort sett gått med til overhaling og lakkering.
Spennende i nasjonal Det
var i rallycross nasjonal at deltakinga var størst på Klepp,
og sjølv om Ernst Holten Leifsen slo Rune Lutsi med
nesten eit sekund på tidskjøringa, sleit han med Lutsi i
starten. Men både i innleiande omgang og finalen greidde Holten
Leifsen å ta seg forbi. Han stilte også til start i røverheatet
og også her gjekk ungguten frå Vikedal til topps. Holten
Leifsen har i løpet av vinteren fått på
plass ein Cosworth-motor i sin Escort MK II og med 270
hester under panseret blei dette ei heilt ny oppleving.
I
tillegg vant Gerry Edland Special Saloon inntil 2500 kubikk
medan Svein Bjarte Holten vant Supernasjonal inntil 2000 kubikk.
|
|