Vil du starta med bilcross:

Kva kostar det med eigen bil og kva treng du av utstyr?

Tekst: Svein Erik Østbø / Steinar Høyvik
Fotograf og bilbyggjar: Steinar Høyvik

Denne bilen har du kanskje sett på vegen mellom Tysvær og Haugesund, eller andre plassar i distriktet. Den er no i ferd med å forlata sin jobb på offentleg veg for å bli "racerbil" på sine gamle dagar. Her skal vi sjå litt kva det kostar å byggja om ein gatebil til bilcross.



Dette er ein Ford Sierra 2.0 IS frå 1986. Her ser du kva det har kosta å byggja den om til bilcross:

Deler/utstyr

Pris

Brukt Ford Sierra 2.0 IS frå 1986

1.500,-

Halv-fabrikata veltebur frå Suldal Billakkering

2.600,-

Bolter, mutrar, skiver og popnaglar

100,-

Platekapp frå Blikkenslagar

400,-

Skifta olje (god kvalitet) og oljefilter

500,-

Nye tennpluggar

300,-

Hovedstrømsbrytar

100,-

Panserlåsar

100,-

Vognlisens (årleg avgift til Bilsportforbundet)

650,-

Totalt

6.250,-

Oversikten over viser deleprisane. I tillegg kjem arbeidet både med demontering av interiør, frontlys og montering av veltebur. Nokre kveldar i garasjen med sveiseapparat og vinkelkuttar saman med evt. ein god nabo er det som skal til.
I bilcross er bilane som stiller til start til salgs for kr. 8.000,- etter løpet. Denne regelen er der for at ikkje deltakerane skal bruka for mykje pengar på bilen. Som ein ser kan vi fortsatt bruka 1.750,- kr. på bilen før vi "tapar" pengar på eit evt. sal. I vårt distrikt er det få bilar som blir selde, og dei som blir det har stort sett vore blant dei 2-3 beste i løpet.

Men før vi kan stille til start, må føraren sitja fast og godt, og ha klær og sko i henhold til reglane. Då vil ein ha behov for det vi kallar personleg sikkerhetsutstyr:

Deler/utstyr

Pris

Halvhjelm

900,-

Brukt stol og 4/6-punkt sikkerhetsele

2.000,-

Ny kjøredress og hanskar

3.400,-

Sko (skinnsko som tettar opptil kjøredressen kan brukast)

900,-

Totalt

7.200,-

Så må ein vera medlem i ein klubb som er tilslutta Norges Bilsportforbund og løysa lisens. Dei over 18 år må ha førarkort for bil og søkjer om lisens. Første trening og løp vil dei få ei kort innføring i reglane. Dei under 18 år må delta på lisenskurs med ein teoretisk del og ein praktisk del. NMK Vikedal arrangerar lisenskurs som startar 19. mars. Du kan lesa meir om det her ...

Medlemskap/lisensar

Pris

junior

Pris

senior

Medlemskap i ein NMK avdeling, f.eks. Vikedal

175,-

350,-

Førarlisens

250,-

650,-

Tilleggsforsikring (vert anbefalt spesielt for forsørgerar og andre med gjeld)

348,-

348,-

Lisenskurs (bilcross jr.)

250,-

 

Totalt

1.023,-

1.348,-

Då er alt utstyr, lisensar osv. i orden og vi kan starta med det som er kjekkast, kappkjøra. Her kjem det litt driftsutgifter, påmeldingsavgift, transport til og frå bane o.l. men ein kreativ junior som har ein fin bil og smiler fint til besteforeldre, tanter og onklar kan kanskje få nokre sponsorpenger frå dei. I tillegg kan det kanskje vera verdt å snakka med ein lokal bensinstasjon, bilverkstad e.l. om det er mulig å få litt olje, pluggar o.l. billeg eller gratis mot litt reklame på bilen. For å få lov til å ha reklame på bilen må du løysa ein reklamelisens.

Summerer vi dette kjem vi til det same som dei billigaste scooterene, men vi kan love deg opplevelsar som ligg godt i overkant av det å putre rundt på scooter. Eksempelet vi har vist inkluderer jo det aller meste. Synest du at det blir litt mykje går det jo å gå saman med ein annan og dela på utgiftene og gledene.

Kjøretreninga og erfaringa du tar med deg ut i trafikken, ja den får du på kjøpet.

Nå har vi vist i store trekk hva det kan koste, og kva som må til. Og kven kan?  Jo, nettopp DU !!

Lurer du på noko er du velkommen til å kontakte oss i NMK Vikedal. Vi hjelper deg gjerne med å koma i gong. Ta kontakt med leiar i bilgruppa, Johannes Holten Leifsen, tlf. 98283794 eller e-post: johannes@holten-motorsport.no

Meir om reglane for bilsporten finn du på www.bilsport.no