Vestlandsmesterskapet 2003 Jostein
Skjerve i form
Tekst/foto: Sivert Ole Holten, holtenmedia
Etter at fleire av førerane frå Vestlandet var i Skien forrige
helg og kjørte dobbel NM-runde i bakkeløp, er det tilbake til
Vestlandsmesterskapet med bakkeløp og rallycross på Eikås ved
Bergen. Jostein Skjerve er nok den som er høgast oppe om dagen,
etter at han sette alle førerane på plass i store
supernasjonal i begge NM-rundane, og dermed fekk ei perfekt
oppladning for ny innsats på heimebane.
Etter solid innsats i NM i bakkeløp ser Jostein Skjerve fram
til kjøring på heimebane.
Sjølv om målet for Jostein Skjerve framfor NM-åpninga i
bakkeløp var å kvalifisera seg til finalane, gjekk det mykje
betre enn han sjølv hadde venta. - Ja, det vart jo ei helt
fantastisk helg og eg synest det var ein fin bane som passa min
bil svært bra. Skjerve og den store Holden Commodoren hans har
blitt eit trekkplaster for publikum på løpa i
Vestlandsmesterskapet, og at det i tillegg nå også blir gode
resultater i NM skulle ikkje gjera interessa mindre. - Planen
min før sesongen var å starte i NM både i bakkeløp og
rallycross, og at eg nå leiar i bakke gir skikkeleg inspirasjon
for vidare satsing. Jostein Skjerve har i fleire år jobba med
sin litt spesielle rallycrossbil og føler at
Vestlandsmesterskapet har vore ein fin arena for å få testa ut
og videreutvikla bilen. - Det er klart at dette gir mykje
kjøretrening og er eit godt tilbud for oss, seier Skjerve som
legg til at han kanskje vil vera ein litt meir forsiktig førar
framover. - Eg er vel kjent for å ta skikkeleg i, men med så
tett program både her på Vestlandet og i NM, kan det fort bli
mykje skruing om du satsar alt inn mot første sving. Men på heimebane
til helga er eg heilt klart på jakt etter to nye topplasseringar.
Ørjan Lutsi dukka opp i Egersund med ein ny Volvo og kjørte
inn til tredjeplass i store supernasjonal. Nå blir det
supernasjonalkjøring resten av sesongen.
Deltakinga i store supernasjonal har vore litt tynn så langt
år, men i Egersund dukka NAF Gjesdal-føraren Ørjan Lutsi opp
med ein Volvo som han hadde vore i Sverige og henta. - Planen
var eigentlig å bruka bilen i nasjonal, men nå har eg bestemt
meg for å kjøre supernasjonal i Vestlandsmesterskapet ut
sesongen, seier Ørjan Lutsi som blei nummer tre i Egersund.
Bakkerud klar
I supernasjonal inntil 2000 kubikk var både Tommy Bakkerud,
Knut Erik Ludvigsen og Svein Bjarte Holten på plass i Skien,
men sjølv om det ikkje blei nokon pallplass på desse, var dei
alle tilfreds med resultata. Både Bakkerud og Holten hadde
problemer med bensintilførselen, noko som blei utslagsgivande i
den raske bakken. Bakkerud har funne feilen og har vore og testa
bilen heime på Eikås. - Ja, no i ettertid har vi funne litt
rusk i eit filter i bensinpumpa. Litt dumt for resultata i NM,
men no er eg i alle fall skikkeleg klar for Eikås.
Svein Bjarte Holten håpar å ha løyst problema som dei
hadde i Skien med Focus'en.
Det er Svein Bjarte Holten som leiar Vestlandsmesterskapet i
denne klassa og ein topplassering her sammenlagt er målet for
sesongen. - Eg har kjørt alle løpa så langt og håpar å vera
i toppen når sesongen er over. I tillegg kjører eg nokre
NM-rundar når det passer slik, seier NMK Vikedal-føraren som
og regnar med å vera på plass på Lyngås i månadsskiftet
når rallycross-NM startar.
Tett i nasjonal
Også i nasjonalklassen har førerane frå NMK Vikedal kome
godt i gong med sesongen, og både Ernst Holten Leifsen og
Øyvind Eikeland, som leiar nasjonalklassane, er på plass i
Bergen for å vera med i kampen om poenga vidare. Medan Eikeland
har sikra seg ei solid leiing i samandraget til NMK Vikedal
førerne Nils Arve og Ole Vidar Helland er det tettere i den
minste nasjonalklassen der Holten Leifsen leiar med tre poeng
på Rune Lutsi. Han kjører ikkje i Bergen, men det gjer Ernst
Roald Lutsi som vant i Egersund og no ligg på tredjeplass i samandraget
- I utgangspunktet hadde eg ikkje tenkt å ta dette så alvorleg,
men eg har vore heldig med føret så langt, så no blir det tur
til Bergen.
|