Goldagsløpet

Triveleg helg på Gol og Rune Lutsi vann RCN i/2400.

Ein stor delegasjon frå NMK Vikedal tok turen til Gol for å delta på Goldags-løpet. I år var det over 290 deltakerar i eitt av løpa i sesongen med mest prestisje innan bilcross etter landsfinalen.

Med 3 deltakerar i bilcross jr., 9 i bilcross og 3 i rallycross nasjonal gjorde NMK Vikedal seg positivt bemerka på Goldagsløpet. Når den store biltransporteren som frakta flesteparten av bilane frå NMK Vikedal kom fram til Fuglehaugen Motorsenter, var det fleire som måtte sjekka kor desse kom frå.
       Også sportsleg vart våre lagt merke til. I bilcross jr. var det Stian Lilleskog som gjorde det best og kvalifiserte seg direkte til A-finalen. Etter fin kjøring vart det strålande 4. plass blant 50 av dei beste junior-kjørerane i frå heile Sør-Norge. Aleksander Skeie kom til B-finalen etter at han mista hjulet i andre omgong. Der hamna han i rekkverket i første runde, og vart dermed nr. 11. Aleksander Stople opna med 2. plass, vart nr. 3 i 2. omgang men fekk ein stopp i 3. omgong. Dermed vart det 12 poeng og 23. plass totalt.
       I bilcross var det medlemmene i Team Higre som gjorde det best. Både Lars Reidar Frøyland og Tore Hundsnes kom til E-finalen. Der kjørte Tore inn til 2. plass og dermed 22. plass totalt, medan Lars Reidar hamna i rekkverket med øydelagt forstilling og 25. plass som resultat. Også dei andre i teamet, Martin Tveit, Steinar Høyvik og Jarle Lilleskog, gjorde det brukbart med stort sett 2. og 3. plassar i heata. Martin vart nr. 37 og Steinar nr. 43. Litt dramatikk var det på laurdag da Geir Harald Skeie hadde ein rundvelt med sin lånte bil. Som vanleg i år var Tom Jøran Johnsen uheldig i 1. omgang og knekte forstillinga. God innsats frå teamet gjorde at bilen vart klar til 2. omgong med 2. plass som resultat. Dei 2 siste deltakerane frå NMK Vikedal, Kjetil Aasheim Stople og Kenneth Johansen, sleit litt meir med å nå opp i konkurransen blant dei 180 deltakerane.
       Rune Lutsi sleit litt i dei innleiande omgangane i den minste klassen i rallycross nasjonal, men imponerte stort i finalane. Han vant B-finalen, men kom sist ut i A-finalen. Etter glimrande kjøring kom han seg forbi alle konkurrentane og vann løpet. Sigbjørn Hannisdal vart nr. 14 og Steinar Stokke nr. 25 av dei 26 deltakerane.
       I den største nasjonal-klassen var det Øyvind Eikeland, Jostein Hannisdal, Ørjan Lutsi og Roger Kalstad som skulle forsvara Vestlandet si ære. Øyvind vann sitt heat i første omgang, men tok knekken på ein drivaksling i andre og vart nr. 3 i siste omgong. Det var akkurat nok til siste startspor i B-finalen for Øyvind saman med Ørjan som hadde 3 andreplassar og hadde det beste startsporet. Ørjan fekk tekniske problemer og måtte gi seg med 11. plass som resultat, medan Øyvind vart nr. 10. Roger Kalstad kom til A-finalen, men måtte ta til takke med 6. og sisteplass der. Jostein, som nå tydelegvis har skifta motor og er gått opp til klassen over 2400 ccm, fekk ein 4. plass i første omgong før han måtte gi seg med tekniske problemer. Det gav 23. plass av 25 deltakerar.

Etter at finalane var i mål kom kanskje det som er mest spennande på eit slik løp, anbuda. Totalt var det gitt over 400 bud, også ein del på bilar frå NMK Vikedal. Det enda med 2 ledige plassar på transporten heim. Både Skodaen til Tore og Escorten til Lars Reidar vart verande på andre sida av fjella. Escorten til Jarle Lilleskog vart og seld, men han fekk kjøpa den tilbake. Martin var heldig i trekninga og fekk med seg bilen heim.

Nesten komplette resultatlister finn du på NMK Gol sine heimesider her ...