3. runde i Værsting cup:

Ørjan nr. 2 og Per Inge nr. 3 på Eikås

Ørjan H. Vikedal vart nr. 2 og Per Inge Sandvik nr. 3 i 3. runde i Værsting cup for BC junior på Eikås Motorsenter i Bergen på laurdag. Det var heller ikkje denne gong noko å gjera med Morten Lavik, NMK Bergen, som kunne kjøra inn til ein kontrollert siger. I senior-klassa var det berre 2 deltakerar frå NMK Vikedal, Geir Harald Skeie og Per-Gaute Østbø. Geir Harald hadde skrudd heile natta i forvegen pga. motorproblemer og kom til start med ein motor som fuska litt innimellom. Per-Gaute hadde som vanleg uflaks i Bergen og fekk berre kjørt eit par hundre meter.
       Til ein forandring var det seniorane som kjørte først i omgangane. I første heat fekk presidenten i Hylkje Rasarlag, Michael Seilen, godt feste i starten med Oldsmobilen sin, og hadde ingen problemer med å vinna heatet. I neste heat skulle Per-Gaute ut mot bl.a. Kjell Askeland i VW Boble. Dei kom ut side om side, men Per-Gaute kom seg først inn i bilcross-svingen. Der kutta han svingen litt for mykje slik at rekkverket tok forstillinga og ein drivaksling rauk. Dermed var løpet kjørt for hans del. Geir Harald var også godt med i første omgang og fekk andreplass i sitt heat. I andre omgang vart det 4. plass på Geir Harald, medan det vart 5. plass i 3. omgang etter ein god start, men ei snurring i bilcross-svingen.
      Blant juniorane var det Ørjan H. Vikedal som gjorde det best i dei innleiande omgangene med å vinna alle sine heat. Per Inge Sandvik var rett bak med med første-, andre og tredjeplass. Begge desse gjekk rett til A-finalen. Fremst i B-finalen hadde vi Knut Endre Fønnebø Ringhagen etter 2 tredjeplassar og ein heatseier. I B-finalen var og Stian Lilleskog, sjølv om han var ein tur på taket i andre omgang. Heatseier og 3. plass var nok til plass i B-finalen. Christer Litland var kvalifisert til C-finalen, men etter ein kraftig smell i 3. omgang var ikkje bilen kjørbar lenger. Stian Tysnes sleit med girkasse-problemer og sleit seg inn til 4. plass i første omgang, men deretter låste girkassen seg i fri, og han måtte gi seg for dagen. Aleksander Skeie var godt med i første omgang, men vart litt for ivrig inn i målsvingen og vart ståande. I andre omgang rauk ei slangeklemme, slik at han mista alt vatnet på startplata. I tredje omgang hamna han i rekkverket med øydelagt forstilling som resultat. Det var altså ikkje nokon lukkedag for Aleksander heller.
      I seniorane sin B-finale hadde Fred Ove Vatle full kontroll og vann enkelt framfor Ronald Bogetveit. I A-finalen venta 5 deltakerar som alle hadde full pott etter innleiande omgangar. Det var Michael Seilen i Oldsmobile, Bjørn Arve Hjelmaas i Volvo 360 og Arne Turhus, Karstein Johnsen og Roar Stokke, alle i VW Boble. Roar Stokke måtte gi seg tidleg, men dei andre kjempa hardt og det var stadig skiftingar i teten. Til slutt vart det vinnaren av B-finalen, Fred Ove Vatle som drog sigeren i land framfor Arne Turhus frå NMK Gol. Karstein Johnsen vart nr. 4 og presidenten nr. 5.
       I B-finalen for junior kom både Knut Endre og Stian litt seint ut og hamna bak i feltet. Det var Anders Nytveit som var raskast og som avanserte til A-finalen, medan Knut Endre vart nr. 9 og Stian nr. 10. I A-finalen var det ingen som klarte å følgja Morten Lavik ut frå start. I staden vart det ein hard kamp mellom Ørjan og Per Inge om andreplassen. Det skifta fleire gonger og det var og nære på at dei skulle sleppa dei andre fori seg, men det enda med andreplass til Ørjan og tredje til Per Inge.
       For første gong vart det brukt alternativ-spor på Vestlandet. Det var laga ein liten sjikane i utgangen av bilcross-svingen som skulle passerast minst ein gong i løpet av heata eller finalane. Forskjellen vart såpass liten, at det såg ikkje ut til at den hadde særleg betydning for kjøringa.
       Det er masse godt arbeid som skal gjerast i løpet av veka for at dei bilane som stod på biltransportbilen på veg heim skal bli klar til neste søndag. På veg heimover var og den plassen som ledig oppover blitt opptatt. Kva det var, vil kanskje visa seg på løpet neste søndag.