Rykter før sesongen:

Litt fråfall og ein del nyheter

Lokalt ser det ikkje ut til å bli dei store nyhetene før sesongstart. Ein del planar finns, men om dei blir realisert eller ikkje er ikkje heilt klart enno. Vi har prøvt å laga ein klassevis oversikt med det vi veit, har høyrt på ryktebørsen eller trur kan skje.

Supernasjonal
Her blir det kanskje mest endringar på Vestlandet i år. Lokalt har Leif Roald Bjelland sin Escort i klassen inntil 2000 ccm for salg. Prisantydninga er rundt 200.000,-, og det skal vera interesserte kjøperar. Svein Bjarte Holten fortset med sin Focus. Den er no heilt demontert og det er planlagt nokre endringar på hjulopphenget både framme og bak. I tillegg er motoren til overhaling der dei og skulle leita etter nokre fleire hestar. I klassen over 2000 ccm har Terje Heggøy planar om å selja sin Volvo 240. Prisantydning er også her rundt 200.000,-.
       I Bergens-området har det skjedd og vil skje mykje. Det største prosjektet står nok Tommy Bakkerud for. Han selde Escorten i haust, og er i gong med å byggja opp ein Subaru Impreza til den største klassen, over  2000 ccm. Først var planen å bruka ein 2,9 liters sugemotor, men etter at det vart lov å bruka turbo inntil 2 liter i den store klassen er planane no endra. Rykter antydar 450 hk og 700 Nm i moment, men det er kanskje litt optimistisk. Spennande vert det iallefall å sjå om dei får det til. Forhåpentlegvis er bilen klar til sesongopninga i Vikedal i april. Ole Kristian Nøttveit satsar og sterkt. Han har kjøpt vinnar-bilen i klassen inntil 2000 ccm i NM ifjor, ein Mazda RX-7 som Pelle Erland frå Mandal køyrde. Lennart Vetås har kjøpt gamle-bilen til Ole Kristian, ein BMW M3. Fjorårsbilen til Lennart, ein Volvo 480, har den opprinnelege byggjaren, Stian Engh frå Toten kjøpt tilbake. Håvard Gaassand held på å byggja opp ein Volvo S40, men det er litt uklart når den blir klar. Det var ein periode litt usikkert kva Jostein Skjerve ville gjera, men han fortset med sin publikumsvennlege Holden Commodore. Knut Erik Ludvigsen fortset med sin Kadett, og satsar nok på å bli Vestlandsmester no når Tommy er gått opp ein klasse. Enkelt blir det nok ikkje, for Kjetil Møn har også planar om å gå ned ein klasse med sin M3. Dermed kan det bli mange spennande heat i klassen inntil 2000 ccm i VM, medan det kan bli litt få bilar i den største.

Rallycross Nasjonal inntil 2400 ccm
Vestlandsmesteren i denne klassen, Ernst Holten Leifsen, har sin Escort for sal. For dei som er interessert i ein vinnarbil i denne klassa, er prisantydninga 125.000,-. Han har planar om å satsa i den største klassen i supernasjonal, og Terje Heggøy sin 240 er ein aktuell bil for denne satsinga dersom Escorten blir seld. Andremann i VM, Rune Lutsi, vil ta det rolegare og ikkje delta i så mange løp denne sesongen som i fjor. Faren, Sigmund Lusti, skal etter planen kjøra løpa i Vikedal med bilen til Rune. Øyvind Våge fortset med sin Escort, men det er litt usikkert kor mange løp han vil delta i. Frode Fresvik kjørte godt i mange løp i fjor med sin Golf, og vi håpar han er med i år også saman med Skjalg Lothe i Nissan Silvia. Korleis det går med Ben Inge Hammer og Mercedesen veit vi ikkje. Vi veit heller ikkje om Vidar A. Olsen blir klar med sin nye BMW M3. Det finnst også nokre andre bilar i Haugesundsområdet som ikkje deltok i løp i fjor, men som vi håpar er med i år.

Rallycross Nasjonal over 2400
Øyvind Eikeland, som vann VM i denne klassa, fortset med si kjappe boble. I Fitjar Racing Team (FRT) blir det ein liten endring ved at Arild Vik skal køyra bilen til Ole Vidar Helland i nokre løp. Sønnene til Ole Vidar, Nils Arve og Håvard, fortset med dei same bilane. Det same gjer Jarle Bukkøy, som debuterte i fjor haust i Volvo 240. Alf Magne Sørensen annonserte sin BMW for sal i haust, men det er uvisst kva planar han har. Det har og gått rykter om at Øyvind Tveit skal selja sin Volvo 240 pga. huskjøp. Ellers er Terje Steinnes tilbake med sin Volvo 360 etter eit frustrerande år med rot i deleleveransane.
        I Bergen held Morten Hagen på å byggja opp ein Toyota Starlet av delene som var brukande av Volvoen etter krasjen i Larvik. Dette gjer han for Toyota-forhandlaren i Førde (etter det vi har høyrt). Kva bergenserane sjølve vil bidra med i denne klassen, veit vi ikkje, men vi reknar med at Øystein Verlo, Roy Kenneth Morken og Arve Aasheim heng med vidare.
        I sør-fylket vil Ørjan Lutsi køyra nasjonal med sin Volvo 240 Evo. Gisle Morten Hetland skal låna den gamle bobla til Ørjan i nokre løp. Det er også andre 240 Evo-bilar på gong i sør-fylket i denne klassa, men utfordringa blir å lokke desse og andre bilar frå sør-fylket til Vikedal.

Bilcross junior
Som vanleg går ein årsklasse ut og ein ny kjem inn i junior-klassen. Dei som går ut er Ørjan Vikedal, Stian Tysnes og Roald Johan Saltvedt. Av nye som vi veit om er Kristoffer Reimers frå Vikedal. Han er nærmaste nabo til banen, og har allereie tjuvtrent litt på bakkane rundt huset heime. Han har kjøpt BMWen som Sauda Vidaregåande skule byggde i fjor, men skal bytta ut den store 6-eren mot ein Volvo-motor. Kjartan Vaka Lothe i Ølensvåg er visstnok og klar, muligens med Ford. Ellers går det rykter om ei ny jente i jr. klassen frå Fitjar, muligens ein jr. frå Bokn og i Sauda byggjer skulen ein Volvo 164 med 3 liters rekkesekser.
       Av fjorårs-debutantane stiller Knut Endre Fønnebø Ringhagen i ny Sierra. Ellers håpar vi dei fleste som var aktive i fjor også er med i år. Sjølv om fleire har gjort det godt i debut-sesongen, aukar sjansane for gode resultat med litt erfaring.

Bilcross senior
I Higre-teamet har det vore litt uenighet i ein garasje som Lars Reidar og Martin deler. Der har boble- og Escort-deler blitt kasta inn og ut alt etter kven som har arbeidslyst og skal rydda. Om dei er blitt enige om kor delene skal plasserast er uvisst. Ellers er teamet utvida med ein Volvo 360 med foreløpig ukjent sjåfør. I familien Vikedal har mekanikar og sjåfør bytta plass. I år er det far Bjørn som skal kjøra, medan Ørjan skal vera mekanikar. Geir Harald Skeie har kassert sin gamle Peugeot 205, og er på jakt etter ny. Ellers har Johannes H. Leifsen selt sin Sierra til Erfjord. Dei ferske boble-eigerane, Tore Hundsnes, Lars Reidar Frøyland og Per-Gaute Østbø, har nok gjort seg meir kjent med boblene og blir nok farlege i år. Per-Gaute har fortsatt Skodaen ståande i garasjen om bobla ikkje fungerer optimalt. I Ølen har det blitt registrert friske eksoslydar frå sletta bak Fatland der fam. Lothe heldt til. I Vats er Fiaten til Tom Jøran Johnsen allereie klar til sesongstarten, men den er observert i til-sals spalta på www.nmk.no, så det kan vera at Tom Jøran har andre planar for sesongen.
        Med alt dette på gong, håpar vi at det er nokon som kan ta opp kampen med bergenserane i Værsting cup og gjera ein fin figur i landsfinalen som i år går den 28. august i Bergen. Me minner om at 2-dagars løpet i juni er kvalifiseringsløp til Landsfinalen.
        Det største spenningsmomentet i årets sesong er likevel korleis motocross-sjef, Jan Hegerland, hevdar seg med lotterigevinsten, ein Ford Sierra.

Crosskart
Ingve Andrè Strand er tilbake i dei aktive sine rekker i crosskart. Vi reknar med at han vil delta i Norges-cupen. Om Geir Utaaker vil kjøra fleire løp enn i fjor er ukjent, men det er litt enklare når det er fleire frå same klubb.