Bilcross i Vikedal:

Mange frå arrangørklubben

Når NMK Vikedal på søndag inviterer til bilcross, er det med eit svært stort innslag av lokale køyrarar. Bilcrossen står sterkt i distriktet og av 54 påmelde førarar kjem 48 av deltakarane frå enten KNA Haugaland eller NMK Vikedal. Løpet er teljande både i NMK Vikedal Cup og Værstingcup. 

Dei siste åra er det bilcross juniorklassen som har stått for den største rekrutteringa til bilcrossen. Frå 16 års alder kan ein starte med bilcross, då i ein eigen juniorklasse. Når ein fyller 18, og får førarkort, må ein over i seniorklassen. Det viser seg no at mange av juniorane blir med vidare. 
NMK Vikedal arrangerer ein eigen cup for juniorane, NMK Vikedal Cup, i tillegg til at dei har sin eigen klasse i Værstingcup. Løpet på søndag tel med i begge desse cupene, og i juniorklassen er det Knut Endre Fønnebø Ringhagen som leiar i begge cupane. Til hausten fyller han 17 år, og då har han to fulle sesongar bak seg i bilcross junior. Som mange andre ungdommar var det fotball han dreiv med tidlegare, men etter at han hadde vore ein tur i Vikedal på billøp, fatta han interesse for dette. 
- Ja, eg blei interessert, og etter at eg hadde undersøkt litt omkring kva dette ville koste kjøpte eg ein brukt bilcrossbil, seier han, som etter fjorårssesongen kunne konstatere at den bilen hadde fått nok. 
- Eg plukka av dei delene eg kunne bruke, og i vinter bygde eg opp den Sierraen eg køyrer med no. 
I fjor blei det ein femte plass i NMK Vikedal Cup, medan han vart nummer sju i Værstingcup. I år vil han høgare opp. 
- Eg har som mål å køyre inn til ein pallplass i begge cupane, seier han. Løpet til helga blir difor viktig for Fønnebø Ringhagen, sidan det tel med i begge cupane.


Knut Endre Fønnebø Ringhagen er inne i sin andre sesong i bilcross junior og leiar på Værstingcup og NMK Vikedal Cup.

Harry Aas gjer comeback 
I bilcrossklassen var det tysværbuen Arild Riise som vann todagarscrossen i juni. Riise stiller ikkje denne gongen, men frå Tysvær kjem dei fleire førarar som kan blande seg inn i toppen. Både Steinar Høyvik, Martin Tveit og Lars Reidar Frøyland har køyrt bilcross i fleire sesongar no, og kanskje kan ein av dei klatre heilt til topps på søndag. Eller blir det bilcrossveteranen Per Gaute Østbø som kan avgjere det heile denne gongen ?
Ein av profilane i bilcross frå den gongen NMK Vikedal var ein ung klubb, tidleg på 1980 talet, Harry Aas, er tilbake på startlista, og deltar med sonen sin Volvo 240. Harry Aas var kjend for full innsats og spektakulær køyring den gongen han var med for fullt, og det blir spennande å sjå kva han kan gjere i sitt comeback.


Steinar Høyvik, som i mange år har køyrt Ford Escort, har no skifta til Boble. Her har han gått i leiinga under todagarscrossen i juni.