To dagars bilcross:

Køyrde godt på heimebane
Tekst/foto: Sivert Ole Holten (www.holtenmedia.no)

Det blei vist mykje fin bilcross på Vikedal Motorbane i helga då NMK Vikedal arrangerte todagars bilcross og rallycross nasjonal. Totalt fem omgangar var førarane gjennom før dei rundt klokka to søndag kunne gjere seg klare til finalekøyring.

I begge A-finalane i bilcross vart det dramatikk før ein vinnar kunne kårast, og best ut av det heile kom til slutt NMK Vikedal sine eigne Arild Riise og Aleksander S. Eikeland, som vann kvar sin bilcrossklasse. For 22 åringen Arild Riise, som har køyrt bilcross frå han var 16 år blei det ei svært positiv oppleving, etter at han torsdagen før hadde dimittert frå militærteneste. - Ja, det har blitt litt mindre bilcross i det siste, men ved hjelp av gode venner og gode sponsorar kunne eg berre setje meg i bilen og køyre løp denne helga, og då er det ekstra kjekt at det blir seier. Sjølv om Riise hadde det beste starsporet i A-finalen var det likevel ikkje han som kom best ut frå start. Det var det NMK Vikedal føraren Rune Lutsi som gjorde, med Per Arne Blindheim på andre plass. Til slutt blei det ein samanstøyt mellom desse to og Arild Riise kunne ta seg forbi. Lutsi blei dermed nummer to med Per Arne Blindheim på tredje.


Arild Riise vann alle sine fem innleiingsheat. Her er det klubbkamerat Steinar Høyvik som må leggje seg bak.


Kamp i bilcross junior

I bilcross junior var det heile 28 førerar påmelde til stemnet og sidan løpet var teljande både i NMK Vikedal Cup og Værstingcup, tok førarane poengsankinga alvorleg. Knut Endre Fønnebø Ringhagen var den som vann sist det vart køyrt juniorcross på Vikedal Motorbane, og han la eit godt grunnlag både laurdag og søndag då han vann alle sine heat i dei fem kvalifiseringsomgangane. Likevel var det Karl Helland frå NAF Gjesdal som gjekk i tet frå start i A-finalen, med NMK Vikedal-føraren Johan André Øverland tett bak. Til slutt vart det ein samanstøyt mellom desse to, som dommarane ikkje likte. Helland vart ståande og Øverland fekk straff og dømt sist i finalen. Dermed opna døra seg for Aleksander S. Eikeland, ein annan NMK Vikedal førar i finalen. For første gong kunne han køyre inn til siger i eit bilcrossløp og var skikkeleg fornøgd med det. - Bilen gjekk problemfritt heile helga og så fort som det gjekk i finalen trur eg aldri eg har køyrt tidlegare.
Eikeland vann føre KNA Haugaland føraren Kjetil Nybøe og Knut Endre Fønnebø Ringhagen. Fønnebø Ringhagen har med dette resultatet tatt leiinga både i NMK Vikedal Cup og Værstingcup samanlagt etter to rundar.


Glade bilcross junior førarar. I midten vinnaren av løpet Aleksander S. Eikeland, flankert av Kjetil Nybøe, nummer to (t.v) og Knut Endre Fønnebø Ringhagen, nummer tre.


Lutsi i nasjonal
Rallycross nasjonal klassen vart vunnen av NAF Gjesdal føraren Ørjan Lutsi i rein oppvisningsstil. I begynnelsen tok han det til og med litt med ro, før han sette inn støtet og drog frå konkurrentane. - Ja, det har blitt mykje køyring denne helga og eg tok det litt med ro for å sikre meg at bilen fungerte som den skulle, seier han.
Ørjan Lutsi vann føre klubbkamerat Håkon Gjesdal Nilsen, med Sigmund Lutsi, NMK Vikedal på tredje plass.


Ørjan Lutsi vann rallycross nasjonal i rein oppvisningsstil