Solid sesongavslutning
Med rundt 90 bilar på startstreken blir det ei solid
sesongavslutning på Vikedal Motorbane til helga. For bilcross
junior og rallycross nasjonal er løpet også finalen i den
årlege NMK Vikedal Cup, der alle løpa går på Vikedal
Motorbane.
Det er hovudstyret i NMK Vikedal som står bak arrangementet
på Vikedal Motorbane på søndag, og nestleiar i klubben
Steinar Høyvik, legg ikkje skjul på at han er overraska over
alle påmeldingane som tikkar inn. - I bilcross junior og
rallycross er deltakartalet som forventa, men i bilcross er det
heilt klart at fleire og nye førarar kjem til utover i sesongen
og ønskjer å køyre løp. Det er særleg deltakartalet frå
distriktet og Sør-Rogaland som tek seg opp. - Vanlegvis kjem
det 10-15 deltakarar frå Bergen, og når dei kjem i tillegg,
må me nok vurdere om alle bilcrossløpa i Vikedal bør gå over
to dagar. Ein av dei faste bakmennene når NMK Vikedal
arrangerer løp, Svein Erik Østbø, er også imponert over det
som no skjer. - Tidleg på 1990 talet var bilsporten nede i ein
bølgjedal, og dersom me greidde skrape saman 30-40 deltakarar
til eit løp, om me slo saman både bilcross, rallycross og
crosskart, var me nøgde med det, seier han, og peikar på
juniorklassen som eit tiltak som tel med i denne positive
utviklinga. - Med over 20 deltakarar i juniorklassen slår dette
sjølvsagt positivt ut, og når me i tillegg registrerer at
feire av juniorane blir med vidare, enten i bilcross eller
rallycross, er denne klassen heilt klart viktig for
rekrutteringa til sporten.
Gode resultat i junior
I NMK Vikedal Cup er det Johan Andre Øverland som leiar
bilcross juniorklassen før Knut Endre Fønnebø Ringhagen.
Dette er også to førarar som har vore med i toppen i denne
klassen gjennom heile sesongen. Øverland er mannen som vann på
Vikedal Motorbane både i august og september, medan Fønnebø
Ringhagen nyleg vann finalen i Værstingcupen i Bergen, og tok
også samanlagtsigeren her. I tillegg til desse to har
Aleksander S. Eikeland gode resultat å vise til, og han vann
todagarscrossen i juni og vart nummer to i Bergen bak Fønnebø
Ringhagen i Værstingcup-finalen. Eikeland ligg på
tredjeplassen i samandraget i NMK Vikedal Cup før finalen.
Aleksander S. Eikeland har tatt leiinga på Knut Endre
Fønnebø Ringhagen. Begge er med i toppen i NMK Vikedal Cup.
Tøft i bilcross
Også for rallycross nasjonalklassen er løpet på søndag
finalen i NMK Vikedal Cup, men medan interessa for bilcross er
aukande, ser Steinar Høyvik på utviklinga i rallycross med
meir bekymring. - Etter at me fekk ei oppblomstring i rallycross
då nasjonalklassen kom for nokre år sidan, har me fått ei
viss avskaling i det siste, seier Høyvik, som likevel trur at
den aukande interessa for bilcross på sikt vil slå positivt ut
også i rallycross. - For dei som ønskjer å begynne med
rallycross har me eit godt tilbod både her i klubben og på
Vestlandet, gjennom Vestlandsmesterskapet, så føresetnadene
burde vere dei beste for ei positiv utvikling i klassen. Sjølv
er Steinar Høyvik ein av dei som vurderer dette, etter fem-seks
år i bilcross. På søndag blir det likevel bilcross for han, i
eit løp som han trur vil by på mykje fart og spenning. I
august vart det tredobbelt til Higre Teamet frå Tysvær der
Høyvik køyrer, og han veit at vinnaren den gongen, Lars Reidar
Frøyland, har noko på lur. - Me hadde full klaff sist, men det
er mange om beinet både av gamle og nye bilcross-førarar, så
på søndag må ein nok ha meir enn full klaff om ein skal kome
seg til ein A-finale.
Higre Teamet frå Tysvær tok tredobbelt i august. Her er
Lars Reidar Frøyland i leiing føre Steinar Høyvik og Martin
Tveit.
Terje Steinnes er tilbake i rallycross nasjonal, og vann sin
klasse under eit løp i Bergen nyleg.
Stillinga
i NMK Vikedal cup før finalen finn du her ...
|