Flott innsats av våre førerar i Egersund i dag

Andreplass til Knut Endre Fønnebø Ringhagen i juniorklassen og sjetteplass (og landsfinaleplass) til Glenn Olav Lothe i seniorklassen var dei beste resultata til våre deltakerar i Egersund denne søndagen.
       Knut Endre opna med heatsiger i første omgang, før det vart 2 andreplassar. Dermed var plassen i A-finalen sikra. Der kom han ut på 3. plass bak Karl Helland og Tom Egeli. Etter fleire forsøk på å passera Egeli, lukkast det i siste bakken opp mot mål, og andreplassen var sikra. I B-finalen hadde vi 3 deltakerar, brørne Aleksander og Christian Eikeland og Anette Aarre. Aleksander stod i fremste rekkje, og tok teten. Etter ein innhaldsrik finale enda det med 9. plass til Anette, 10. plass til Aleksander og 11. plass til Christian.
Joachim Hansen hadde ein heatsiger og ein tredjeplass, men fekk stopp i 3. omgang. Kjartan opna og bra med heatsiger, men fekk ein smell og øydela radiator og vifte i andreomgang. Stian Lilleskog sleit med tekniske problemer, men fekk ein andreplass i første omgang.


Seierspallen i bilcross jr. med vinnaren Karl Helland, NAF MS Gjesdal, på toppen, andremann Knut Endre til høgre (skulle stått til venstre) og tredjemann Tom Egeli, NMK Egersund.


Ein del av bilane til NMK Vikedal junior team i depot. Nærmast Christian Eikeland (154), Aleksander Eikeland (155), Joachim Hansen (bla Sierra som bakluka står open på) og bakerst den raude og kvite Sierraen til Anette Aarre.

       Blandt seniorane var det altså Glenn Olav som gjorde det best med plass i A-finalen, og sjetteplass etter ei punktering. Glenn Olav hadde 2 førsteplassar og ein tredjeplass i dei innleiande heata. At han seinare og vant trekninga med sitt eine mot fire andre bud, gjorde at det var ein svært glad og lette Glenn Olav som reiste frå Egersund. Per Gaute Østbø låg også godt an med andre- og førsteplass, før han var uheldig og velta frå leiing og A-finaleplass. 17 poeng var likevel nok til plass i C-finalen. Der fekk han selskap av Geir Harald Skeie, som også hadde 17 poeng etter 2 tredjeplassar og ein andreplass. Marius Vaka Lothe hadde andre- og tredjeplass før han gjorde det same som Per Gaute og la Escorten på taket. Dermed haldt det ikkje til finale for Marius. Jarle Lilleskog sleit med tekniske problemer på same måte som broren Stian. Både clutch- og forstillingsproblemer etter eit besøk på vollen gjorde at det ikkje vart dei store resultata til Jarle.


Starten går i A-finalen i bilcross senior med Glenn Olav i startnr. 42. Vinnaren vart Terje Josdal i den kvite/raude/blå Skodaen i fremste rekkje som passerte Oddbjørn Bjørnestad (i den raude bobla) på målstreken.


Geir Harald Skeie har god kontroll på andreplassen i C-finalen etter at feltet har strekt seg ut ein del.


Per Gaute Østbø klarte litt seinare å passera Jan Inge Herås, KAK, som han ligg bak her og sikra seg med det tredjeplass i C-finalen.