To dagars bilcross: Topp
deltaking i Vikedal
Over 100 bilar stiller til start til helga når NMK
Vikedal arrangerer todagars bilcross og rallycross. Løpet tel
med både i NMK Vikedal Cup og Værstingcup.
NMK
Vikedal Cup, som er NMK Vikedal sin eigen cup, der alle løpa
blir kjørt på Vikedal Motorbane før finalen i år skal
køyrast som ei bakkeløp på Frakkagjerd Industriområde, blir
avvikla i klassane bilcross junior og rallycross nasjonal.
Første runde vart avvikla i samband med
Vestlandsmesterskapsrundane i Vikedal og i bilcross junior var
det Knut Endre Fønnebø Ringhagen frå Kolnes som vann første
runde, og som dermed leiar cupen. Ringhagen er inne i sin andre
sesong i bilcross junior og har tatt leiinga føre Johan André
Øverland frå Hellandsbygd og Aleksander Skeie frå Sandeid.
Sidan det første løpet i cupen også var uttaking til NMK
Vikedal sitt juniorlag, er desse tre på laget, saman med
Christian S. Eikeland frå Øvre Vats, Eirik Aasbøe frå
Avaldsnes og Joakim B. Hansen frå Vikebygd. I helga var dei i
Egersund og køyrde første runde i Værstingcup i Egersund. Her
køyrde Knut Endre Fønnebø Ringhagen inn til ein flott
andreplass, medan Anette Aarre, som kom inn som reserve på
laget, vart nummer ni. Også brødrene Aleksander og Christian
Eikeland kom seg til finalane i Egersund og vart til slutt
nummer 10 og 11.

NMK Vikedal Junior Racing Team 2004. Framme f.v. Joakim B.
Hansen, Vikebygd, Knut Endre Fønnebø Ringhagen, Kolnes og
Johan André Øverland, Hellandsbygd. Bak.f.v Christian S.
Eikeland, Øvre Vats, Aleksander Skeie, Sandeid og Eirik Aasbø,
Torvastad.
Værstingcup er bilcrossklassen sin cup på Vestlandet og for
seniorane var det fem deltakarar frå NMK Vikedal som hadde tatt
turen til Egersund og første runde. Glenn Olav Lothe
kvalifiserte seg til A-finalen og vart nummer seks. Dermed har
han eit godt utgangspunkt for vidare satsing i Værstingcup.
Geir Harald Skeie og Per Gaute Østbø vart henholdsvis nr. 12
og 13. Marius Vaka Lothe vart nr. 25 etter taking i 3. omgang,
medan Jarle Lilleskog sleit med forskjellige tekniske problem
heile dagen og vart utan poeng.
I fjor
vart todagarsstemnet avslutta med ein spennande A-finale i
bilcross der både Per Gaute Østbø og Nils Martin Hovland var
på plass. Hovland vart til slutt nummer to bak Kjell Askeland
NMK Bergen, medan Per Gaute Østbø vart nummer fire.
Lutsi igjen
I tillegg til bilcross og bilcross junior kan publikum også
få med seg topp deltaking i rallycross nasjonal om dei tar
turen til Vikedal Motorbane i helga. For denne klassen er det
også andre runde i NMK Vikedal Cup, men medan denne klassen
blir delt på 2400 kubikk i Vestlandsmesterskapet, blir den
køyrt samla i NMK Vikedal Cup. Dermed deler Steinar Stokke frå
den minste klassen, og Ørjan Lutsi, som køyrer Volvo i den
store klassen, på leiinga i cupen, medan Roger Kalstad og
Sigmund Lutsi følgjer bak. I fjor var det Rune Lutsi som gjekk
til topps i dette løpet, i ein bil frå den minste klassen. I
år er det far til Rune, Sigmund Lutsi som har overtatt denne
bilen. Så spørst det om det kan bli ein ny siger på han.
|