NMK
Vikedal Cup
Lutsi og Fønnebø
Ringhagen til topps
Ørjan Lutsi og Knut Endre Fønnebø Ringhagen avgjorde i
sine klassar i NMK Vikedal Cup under finalen på Vikedal
Motorbane på søndag. Lutsi med ein ny suveren seier, mens
Fønnebø Ringhagen hadde marginane på si side i innspurten.
Knut Endre Fønnebø Ringhagen og Ørjan Lutsi er vinnarar av
NMK Vikedal Cup 2004 i bilcross junior og rallycross nasjonal.
Ørjan Lutsi har hatt ein solid sesong i store
nasjonalklassen, og med ein ny cupsiger i lomma kan han sjå
tilbake på ein sesong der han har vore på toppen i samtlege
rundar både i Vestlandsmesterskapet og no til sist i NMK
Vikedal Cup. - Ja, det har gått bra og det gjorde det også i
dag sjølv om eg kom litt dårleg ut i starten i finalen, seier
Lutsi, som etterkvart la konkurrentane bak seg og tok seg inn
til siger med god margin. No avsluttar han sesongen i Bergen med
finalen i Vestlandsmesterskapet, før han nok kjem til å trappa
ned litt til neste år. - Ja, neste år reknar eg med at det
blir litt meir barnevognkjøring på meg, men eg håpar å få
med meg løpa her i Vikedal, på ein bane det er topp å køyre
på. Bak Ørjan Lutsi var det NMK Vikedal førarane Øyvind
Tveit og Terje Steinnes som la beslag på dei neste plassane.
For veteranen Terje Steinnes var dette tredje gongen han kunne
klatre opp på pallen, etter at han gjorde comeback i
rallycrossen i vår. - Ja, på grunn av problem med bilen, i
tillegg til at eg vart sjuk, hadde eg eit opphald på to år
før eg kom i gong igjen i vår, og då er det godt å sjå at
eg framleis kan hengje med, seier han, som lovar at han også
neste år blir å finne i startfeltet i rallycross nasjonal, men
kanskje med ein annan bil enn Volvo 360´n som har blitt hans
varemerke. - At eg køyrer er sikkert, men om det blir ein annan
bil er ikkje avgjort enno. I samandraget i NMK Vikedal Cup
nådde ingen av desse opp. Nummer to samanlagt vart Sigmund
Lutsi, medan Steinar Stokke tok tredjeplassen.
Fleire i bilcross junior
I bilcross junior var det på forhånd klart at kampen om
laurbærkransen i NMK Vikedal Cup ville stå mellom dei tre NMK
Vikedal førerane Johan André Øverland, Knut Endre Fønnebø
Ringhagen og Aleksander S. Eikeland. Øverland leia før finalen
med sju poeng på Fønnebø Ringhagen, men likevel var det han
som først rauk ut i kampen om topplasseringa. Etter ein
andreplass i sitt heat i første omgang, blei det full stopp i
andre. - Ja, det small i motoren og all motorkrafta forsvann,
seier han, som kunne konstatere at både stempel og motorblokk
hadde fått hard medfart. Dermed var det berre for han å vente
på kva konkurrentane kunne gjere. Fønnebø Ringhagen var
først ut, og etter litt problem i dei innleiande rundane måtte
han vegen om B-finalen. - Me hadde rekna ut at eg måtte ha ein
sjuandeplass om eg skulle ta heim cupsigeren om Eikeland skulle
vinne A-finalen som han var kvalifisert til, seier Fønnebø
Ringhagen om situasjonen før det heile vart sett i gong. Han
kjempa lenge med Arnt Olav Lillesund om sigeren i B-finalen, men
til slutt blei det den sjuande plassen han måtte ha. Etter
siger både i NMK Vikedal Cup og Værstingcup, var dette over
all forventning for Fønnebø Ringhagen. - Før sesongen sette
eg meg som mål å kome på pallen i begge cupane, så dette
blei heilt topp. Saman med Johan André Øverland var løpet på
søndag det siste i bilcross junior for Aleksander S. Eikeland,
som til slutt vart nummer fem i løpet og tre i cupen. No vil
han satse vidare i seniorklassen med sin velbrukte Volvo 360. -
Eg kjem til å starte med denne bilen i seniorklassen til
våren, og er spent på korleis det vil gå, seier han, som kan
konstatere at siste delen av sesongen har gått svært bra. -
Her i Vikedal har eg fått startsvingen til å fungere betre enn
tidlegare, og det er nok grunnen til at eg har kome meg til
A-finalen i alle dei fire løpa som har gått her sidan juni.
NAF Gjesdal føreren Karl Helland vann juniorklassen på
søndag, før Arnt Olav Lillesund KNA Haugaland og Stian
Lilleskog NMK Vikedal.
I den svært fyldige bilcrossklassen vart det til slutt
dobbelsiger til NAF Gjesdal med Gisle Morten Hetland og Kjell
Rødberg, med NMK Bergen føraren Jørn Ahmer på tredje plass.
På dei neste plassane kom Kristoffer K. Bjelland, Hans Kristjan
Kristjanson og Rudi Soltvedt.
Gisle Morten Hetland køyrte inn til siger i bilcross.
Det vart også køyrd gjesteklasse i rallycross supernasjonal
med Johannes Holten Leifsen i Ford Focus og Ernst Holten Leifsen
i Volvo 240 EVO på startstreken. Dei vann kvar sin omgang før
Johannes Holten Leifsen fekk stopp i tredje omgang. Det vart
ikkje køyrd finale.
Sluttstillinga
i NMK Vikedal cup etter finalen finn du her ...
|