Nytt kjøkken/kiosk:

Brakkene er no på plass
Etter god innsats på dei 2 dugnadane som har vore annonsert, kom brakkene som skal bli kjøkken og kiosk på plass denne veka. For dei som ikkje kunne vera med på dessa, byr det seg fleire sjansar framover mot påske når det innvendige arbeidet skal gjerast. Evt. fagarbeiderar innan røyr, elektro, snikker og golvbelegg/tapetsering som vil og kan bidra utover våren, kan kontakta leiaren i anleggskomiteen, Steinar Høyvik på tlf. 90061073.


Ringmuren der det er planlagt nytt klubblokale og kontorer. Kjøkken/kioskbrakkene til høgre.


Dei 4 brakkene som skal bli kjøkken, kiosk og lager sett frå vegen


Det er planlagt tak over den trekanta plassen mellom kjøkkenet og klubblokalet.


Dei nye brakkene sett i forhold til toaletta.


Brakkene ser ut til å vera i svært god stand. No gjenstår alt arbeidet innvendig, slik at kjøkkenet og kiosken er klar til bruk til 1. VM-runden rett etter påske.